Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (10)
- Randonnée/Telemark (10)
Rundtur: sørsida av Standalseidet
- Date:
- 09.08.2014
Nok ein solrik morgon sommaren 2014, la vi ut på eit nytt travers-prosjekt. Vi skulle gå tinderekka som går sør for Standalseidet.
Vi tok av frå vegen til Standalseidet og parkerte ved Harpedalen. Først gjekk turen til Sandhornet, deretter over Grøthornet til Hellefjellet. Hittil var det veldig greit å gå, med store og breide toppar.
Vidare gjekk vi over egga til Kalvedalstinden. Her var vi litt usikker på kva som kunne møte oss vidare, så klatreselen kom på om det skulle bli behov for sikring. Men terrenget var greitt å gå med litt klyvring.
Frå Kalvedalstinden gjekk vi egga vidare til Blåtindane og klyvra først opp på Søre Blåtind før vi klyvra vidare til Nordre Blåtind. Det var grei klyvring til begge toppane, men der var mykje laus småstein og vi valde eit litt vanskeleg >>>
Romedalstraversen
- Date:
- 12.07.2014
Draumen om dette turmålet starta ein sein sommarkveld i 2013. Vi satt å vagla på Åvasstinden, og skua utover den lange fjellrekka som gjekk longs Romedalen i Ørsta. Draumen var klar: å ein gong få kryssa denne tinderekka på longs. For meg var dette ein ganske så høgtsvevande draum, då eg i utganspunktet slit med både rygg og kne. Likevel, litt spontant ein kveld i juli 2014 hadde StigPetter (Stig Petter Driveklepp) og Jonny Kvistad avtalt at "i morgo så prøvar vi." Så då var det berre å pakke sekken og gjer seg klar. :)
Romedalstraversen (også kalla Langedalstraversen) er 7 km lang og består av 10 fjelltoppar.
Vi starta tidleg på morgonen. Sjølv om det var tidleg, varma sola godt allereie. Det første fjellet vi skulle opp på var Årsæterhornet .
Etter litt slakk skogvandring, kom vi opp til eit fint fjellvatn. >>>
Oddekloven og Storkjelen
- Date:
- 11.07.2014
Dette var ein av dei aller finaste sommardagane i 2014.
Eg og StigPetter (Stig Petter Driveklepp) gjekk via Vikefjellet til Oddekloven og vidare til Storkjelen. Ca. 10 km tur/retur i luftlinje.
Når ein først har kome seg opp i høgda, er det berre litt småkupert landskap å vandre bortover på.
Midt i mellom Oddekloven og Storkjelen ligg der eit stort vatn. Her var det so å seie obligatorisk med ein svømmetur. Temperaturane denne dagen kan måle seg med sydenvarmen, og det var litt vanskelig å kome seg ut av det forfristkande vatnet og gå vidare.
Oddekloven og Storkjelen byr på storslagen natur med vakre Bjørke som bakteppe. Vi brukte heile dagen og tok livet med ro. Bada, sola oss i lyngen, og plukka mykje multer til frysaren på returvegen.
http://www.instagram.com/Sunbump