Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Helgehornet - Telttur

Dato:
11.07.2015
Kart    

Veten

Dato:
29.05.2015

På sunnmøre er det framleis mykje snø i fjella. Medan vi venta på at toppane skal bli bare, tok vi oss fredag ein tur over fjorden til Kornbergveten. Frå ei dyrkamark ved Folkestadsætra startar stien etter ein traktorveg. Det er framleis litt snø her og der, men overraskande tørt og fint. Stien fylgjer ryggen heile vegen og du har god sikt til Dalsfjorden og fjella her, samt ut mot havet og fjella rundt Ørsta og Volda. På veg mot Kornbergveten (577 moh) er ein innom Heidakollen (570 moh) og Kyrshovudet (573 moh). Heidakollen er eit perfekt fotopunkt. På Kornbergveten varma sola godt. Her kokte vi oss storfegryte og koste oss med middagen og den flotte utsikta. Dette er ein tur som passar for turglade i alle aldrar! Turen er slakk, men går ein frå Folkestadsætra er det eit stykke å >>>

Kart    

Lidaveten

Dato:
19.05.2015
Kart    

Brekkeheida

Dato:
18.05.2015

Rotsethornet

Dato:
17.05.2015
Kart    

Sylvkallen

Dato:
15.05.2015
Kart    

Mt Batur

Dato:
04.05.2015
Kart    

Lisjetinden

Dato:
17.04.2015
Kart    

Litlenibba (Blæja)

Dato:
04.04.2015

Vi var ein bra gjeng som la ut på skitur påskeaftan. Runar, Knut, Robert, Odd Egil, Trygve, Sverre, Hallvard, Knut Petter, Erik, Elise, Stig og eg spente på oss skina med bilen og traska oss oppover skogen. Vi var ikkje åleine i fjellet denne dagen, det var mange som hadde tenkt seg på Blæja. Sola glitra på ein blå himmel med nokre få melisskyer, og vi tok oss god tid oppover. På toppen vart det servert toppøl og eplekake. Ein perfekt dag! Frå toppen og ned til skoggrensa var det deilig pudder å renne i. Ved skoggrensa var det oppkjørt og skare.

Kart    

Keipen

Dato:
02.04.2015

Skodda var tredd nedover fjella skjærtorsdag då vi hadde tenkt oss på Keipen. Vi stolte på yr.no som lova litt meir sol ut på dagen, og la ut på tur. Elise, Erik og StigPetter (Stig Petter Driveklepp) var med på turen. Det nylege snøfallet gjor slik at vi kunne gå med skina heilt neda bilen. Vidare måtte vi trakke spor til toppen av Keipen. Kjekt å ha med seg to spreke karar som bytta på å trakke spor. :) Sola skein inn i mellom skyene, så forventningane om ei glimrande nedkjøring var i tankane når vi trakka oss oppover. Mot toppen skya det heilt over. Vi vart sittjande ei stund på toppen i håp om at det skulle klarne oppigjen, men det vart for kaldt, så vi prøvde oss på nedkøyringa i tidenes blindeføre. Men kjekt var det lell. :)

Kart