Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Quassussuaq

Date:
30.05.2010

Vi var på prosjektsamling i eit NordPlus-prosjekt i Nuuk, og kom fram ein dag før møtet skulle begynna. (Det gjekk ikkje fly til Grønland og Nuuk kvar dag). Eg overtala Hrobjartur og Jørgen til å vera med på fjelltur denne dagen, som var ein søndag. Vi fann ut at det var eit fjell som heiter Lille Malene. Det var eit stykke unna. Eg tilbaud meg å betala taxi opp til eit utgangspunkt for turen, sidan eg var den mest motiverte for turen. Det vart ei spennande utflukt. Vi fann toppen, og gjekk ned att på ein annan kant, ned til eit nytt bustadområde. Her fekk vi ein buss nedat til bysentrum. Vi budde på Sjømannshjemmet. (Dato for turen er noko usikker.)

Map