Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Fuglafjellet

Date:
31.03.2012

I dag var egentlig planen å pakke bilen og kjøre på hytta, men då eg kun mangla Fuglafjellet for å ha komplett liste med kommunetopper Hordaland og meldinga var god på desse kanter utsatte me hytteturen til i morgen. Me skal uansett være på hytta heile påsken og skal få nok av turer i området ved Tyin. Eg og Aina kjørte til Hamlagrø og tok innover mot Vending. Frå Vending gjekk me rett opp ryggen over høyde 991 og vidare mot høyde 1143. Det var skare og til dels isete oppover ryggen. Me gjekk ein del til fots med skia på sekken. På toppen tok me ein pause og feira med snickers og kanel gifler. Det kom ein kar frå Kvamskogen til toppen rett etter oss. Han slo av ein prat før han satte kursen tilbake. Ellers traff me ingen personer. Flott tur og nydelig vær. Kjekt å være ferdig >>>

Map    

Punkt på Midtre Folgefonna

Date:
24.03.2012
Distance:
62.5km

Folgefonna på langs over nordre, midtre og sørfonna den 24-25 mars 2012. Folgefonna på langs har me snakka om fleire år, men det er ikkje blitt prioritert. Etter at eg starta å samle på kommunetopper i Hordaland og etter kvart måtte oppom toppane på fonna var det jo greit og gå heile turen. Litt av grunnen til at turen ikkje har blitt prioritert er at eg kan styre meg for dei mest populære rutene der det ligg an til folkevandringer. Me ville derfor gjennomføre turen før sesongen er i gang for fullt. Me håpa dermed å få det meste av fonna for oss sjølv og kanskje også Holmaskjer der me planla og overnatte. Forberedelsane starta i januar og me bestemte oss da for at helga 24-25 mars skulle settast av. Det er alltid lov å håpe på godt vær når ein planlegger tur fram i tid men >>>

Map     1 comment

Verafjellet

Date:
18.03.2012
Map    

Ådni

Date:
17.03.2012
Map    

Høgeloft

Date:
10.03.2012

9-11 mars 2012.Telttur på Hemsedalsfjellet med topptur til Høgeloftet 1920m. Jørn, Mats, Ingerid, Aina og meg hadde for lang tid tilbake avtalt telttur med ski og pulk denne helga, og målet var Fuglafjellet i Kvam. Etter kvart som helga nærma seg vart det klart at været kom til å bli dårlig på heile vestlandet. Mildvær med plussgrader opp mot 1000m og mykje nedbør var dårlig nytt, men me hadde satt av helga og tur skulle det bli. Me måtte berre komme oss høgare opp og helst litt lenger øst. Yr vart grundig sjekka og Vikafjellet, Tyin, Filefjell, Haukelifjell og Hemsedalsfjellet vart vurdert. Overalt skulle det bli mykje vind men totalt kom Hemsedal best ut og dermed bar det av gårde dit når fredagen kom. Eg sjekka ut aktuelle topper i området og fant fort ut at Høgeloftet >>>

Map    

Veten i Åsane

Date:
05.03.2012
Map    

Håøytoppen

Date:
04.03.2012
Map    

Sandfloegga

Date:
03.03.2012

Det vart ein lang men flott dag med bestigning av Sandfloegga. Eg og Aina starta heimifrå kl 0515. Meldinga på Yr var delvis skya og ingen lave skyer, men vinden skulle øke på til kuling utover dagen. Me kjørte via Gjermundshavn, Folgefonntunnelen, Odda og Røldal. Me parkerte i austre enden av Ulevåvatnet, ca 3km etter Haukelitunnelen. Det var skareføre som bar godt sjølv om ein gjekk på sko. Me var klar til å gå fra bilen kl 0940 og skrådde NV i retning Nupstjørna. Når me kom innerst i Nupsdalendalen og skulle opp til Nupsredet tok me skia på sekken. Det var fint å gå på skaren som var passelig hard og ikkje isete. Det er so pass bratt opp her at ein må vurdere forholda og skredfaren når ein går denne veien, men i dag var ikkje det noko problem. Når me kom opp til Nupsredet >>>

Map