Rondslottet (31.07.2014)
Ascents | Rondslottet (2,178m) | 31.07.2014 |
---|---|---|
Storronden (2,138m) | 31.07.2014 | |
Vinjeronden (2,045m) | 31.07.2014 | |
Vinjeronden Nord (2,035m) | 31.07.2014 |
Eg, Aina, Yvonne og Sverre. Me kom fra hytta i bil via Valdresflya og parkerte ved bommen(Spranghaugen). Me hadde med 2 sykler som Yvonne og Sverre brukte innover til Rondvassbu. Eg og Aina + Freia gjekk inn. Yvonne og Sverre skulle overnatte på hytta og Aina og meg ligge i telt. kl 1345 gjekk me fra Rondvassbu mot Rondslottet. Dersom me skulle rekke middag på hytta måtte me holde bra tempo. Yvonne og Sverre ville ta det rolig innover og var ikkje her for å samle topper. Dei bestemte seg for å gå til Vinjeronden og snu der. Eg og Aina gjekk derfor i raskt tempo sånn at me kunne nå Rondslottet og samtidig rekke middag. Eg hadde også planer om å rekke over Storronden. Det gjekk fort innover og me såg etterkvart at me hadde ganske god tid. Me tok oss ein liten pause og ein matbit etter å ha passert Vinjeronden. Nådde Rondslottet etter ca 2t 40min. Var ikkje lenge på toppen før me satte kursen nedover igjen. På vei oppover mot Vinjeronden var me også oppom Vinjeronden nord. Da me kom ned i skaret mellom Vinjeronden og Storronden tok me igjen Yvonne og Sverre som hadde vert oppe på Vinjeronden. Dette var fin timing. No kunne Aina ta Freia og gå nedover dalen i lag med dei og eg kunne starte på kneika opp mot Storronden. Storronden var nesten finere topp enn Rondslottet syns eg. Eg fortsatte nedover ryggen mot Rondvassbu og tok resten av gjengen igjen i siste bakken ned mot hytta. Me bruka 4t 50min på turen og hadde dermed god tid til siste middag servering og kunne nyte ei øl i hytteveggen. Til middag var det reinsdyrgryte og god drikke. Ein flott avslutning på dagen. Flott vær og god sikt på heile turen. Dagen etter låg skyene nedover 2000m toppane men ellers fint vær. Me sykla og gjekk ut til bilen og satte kursen mot hytta igjen, no via Lom og Sognefjellet.
For bilder: http://www.utifriluft.com/2000mtoppersommarogvinter/Rondslottet-310714/
User comments