Drangskollen (29.02.2012)


Map
Ascents Drangskollen (138m) 29.02.2012

Eg og Aina på ettermiddagstur. Me kjørte til Fotlandsvåg og parkerte bilen i sving nokre hundre meter før Kleppe. Gjekk nord mot tjørn(Nordretjønna) og oppdaga då at det går vei inn her. Denne var eg ikkje klar over, må sannsynligvis gå frå Kleppe. Me runda Nordretjønna på vestsida og fulgte ein sti som tok oss fram til toppen av ein skrent rett over Haugo gård. I stien som gjekk ned skrenten til gården var det lagt opp tau til å holde seg i. Me fortsatte forbi gården i retning Drangevåg, over på Drangsøyni og fortsatte på nordsida av vågen ut til nedlagt gård og vidare opp skardet bak gården til topps. Regn, skodde og null sikt. Det vart også mørkt etterkvart og hodelykta måtte fram på returen. 6,2 km og 1 time og 50 min.

User comments

  • -
    avatar

    Stivalg til Drangskollen

    Written by knutsverre 16.02.2013 17:00

    Fant dere bedre adkomst til toppen enn det vi gjorde i går. Kan være greit å vite for andre turgåere.....

    • -
      avatar

      Sv: Stivalg til Drangskollen

      Written by SÅH 17.02.2013 12:39

      Me gjekk opp i skaret på nordsida av den første gården. Meiner å huske det var ei grind ovenfor/bak gården og me fulgte ein gjengrodd sti oppover. Det var forholdsvis tett med busker og trær men heilt greit å ta seg fram her.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.