Stangfjellet (27.02.2012)


Map
Ascents Stangfjellet (640m) 27.02.2012

Kveldstur på ski til Stangfjellet. Det var meldt regn på ettermiddagen men i dag var eg fast bestemt på ein skitur til Stangfjellet etter jobb. Eg droppa middag og pakka i bilen når eg kom heim i håp om å komme avgårde før det starta å regne.
Aina ville være med, treng som vanlig ikkje å overtalast :-)
Det begynte å regne når me kjørte heimifrå, men pytt sann med gode klær har det liten betydning og det var jo forventa.
Me kjørte til Njåstad og fulgte stien mot Fagerstølsvatnet og vidare til Lonkollen før me dreide opp mot toppen. Føret var greit, med kompakt våt snø er det lett å gå.
Det starta å mørkne når me var på toppen so hodelykta vart brukt på returen. Turen ned att var skikkelig morro. Ein flott skitur i regn er ikkje kvardagskost :-)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.