Midtre Skagastølstinden (20.08.2011)
Ascents | Skagastølsnebbet (2,222m) | 20.08.2011 |
---|---|---|
Midtre Skagastølstinden (2,284m) | 20.08.2011 | |
Nørdre Skagastølstinden (2,167m) | 20.08.2011 |
Me ankom Turtagrø fredag og la oss til i lavvo. Om kvelden var det ein periode med ganske bra vær og me fekk sett opp på ryggen. Me kunne sjå at det var snø på toppane men kor mykje var vanskelig å seia. Me bestemt oss for at uansett vær so skulle me gå på Nørdre og sjå det an. Kl 0540 var me i gang. Det gjekk i javnt tempo innover mot Tindeklubbhytta der me skrodde oppover. Me gjekk for det meste i skodde. Ura oppover mot Nørdre var grei og gå og det var godt varda oppover. Etter 3t og 10min var me på toppen. Her tok me på oss noko meir klær og tok da likegodt klatreutstyret ut av sekken.
Videre mot Nebbet var det greit å gå men det vart meir og meir snø. Me tok oss greit ned i V-skaret uten rappell. Klatringa opp V-skaret gjekk greit men tok naturligvis litt lenger tid enn om det hadde vert tørt.
Frå Berges stol til Midtre var det ikkje aktuelt å gå usikra under dagens forhold. Det var egentlig grei klyving/klatring men det var eit parti mot Styggedalsbreen som var svært utsatt og glatt. Her fekk eg problemer med at tauet kilte seg og det vart eit voldsomt taudrag. Det enda med at eg til slutt ikkje kom lenger og måtte lage ny standplass.
Når me etterkvart kom opp på Midtre letta skodda og me fekk eit flott skue mot Storen. Det låg bra med våt snø bortover ryggen mot Halls Hammer og me bestemte oss for å snu her. Det hadde sikkert gått fint å fortsette men det er berre å innsjå at ting tar tid når det er vått og sleipt. Me var fornøyd med dagen likevel og tok oss skikkelig god tid på toppen.
På returen vart det 4 rappeller ned i v-skaret. Frå V-skaret var det greit å klyve opp usikra. Me gjekk ikkje oppom Nørdre på returen men traverserte under toppen på vestsida. På returen begynte det og blåse og etter kvart kom også snøbygene. Når me kom ned i dalen forbi Tindeklubbhytta kom det ei skikkelig regnskur. Men kven brydde seg, me hadde hatt ein flott dag i fjellet og i lavvoen venta kald pils :-)
Søndag morgen kom eit Seaking og landa rett ved lavvoen. Ut kom to klatrere. Kanskje har dei hatt ei kald natt på ein av toppane i området. Jørn var ei stund redd for at heile lavvoen skulle blåse overende då helikopteret landa.
Bilder:
http://www.utifriluft.com/2000mtoppersommarogvinter/Midtre-Skagastølstinden/18642859_82S5hp#1441000598_GPX2rbm
User comments
Vinterlige forhold
Written by mortenh 21.08.2011 21:22Det var jammen langt mer vinterlig enn vi hadde det nøyaktig 1 uke tidligere. Også da lå det litt nysnø, men på langt nær de mengdene som fremgår av bildene. Tøft gjort å ta seg opp til Midtre i det været. Kalde på fingrene?
Sv: Vinterlige forhold
Written by SÅH 21.08.2011 21:53Hei.
Det var litt kaldt første taulengden fra V-skaret men gjekk greit. Eg har ikkje gått denne ryggen før og lurer litt på korleis det egentlig er fra midtre til Halls hammer. Tenker då på om det er mykje laus stein? Dette syns eg er litt vanskelig å vurdere når det ligger så pass mykje snø.
Sv: Sv: Vinterlige forhold
Written by mortenh 21.08.2011 21:56Ryggen videre er i grunnen fast og fin det aller meste av veien til Vesle Skagastølstinden. Avhengig av om du går rett på eller omgår er det noen steder med litt løst, men alt i alt en forholdsvis fast og ikke minst kjempefin rygg. Det kommer hele tiden små utfordringer, som mange riktignok går usikret, men det er få partier med henda i lomma gange bortetter der.