Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Pinseparadis på Skeie og Østre Sokse

Datum:
30.05.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
9:49h
Entfernung:
15,9km

Superpinse på Sognefjellet med fantastisk vêr og føre. Dagens hovudmål var Skeie, og vi ville prøve oss opp snørenna frå Leirbrean. Vi gjekk opp til det lågaste punktet på ryggen mot Veslebjørn og parkerte skiene der. Så traverserte vi ut til høgre for å runde ein berghammar og så opp eit snøfelt . Snøfeltet gjekk etterkvart over i ei snørenne, som enda i ein kamin opp mot eggen. Kaminen var bar for snø, men hadde store og gode tak. Det var temmeleg bratt oppover, men det var heldigvis godt feste i snøen for både stegjern og isøks. Oppe på eggen tok vi av tauet, for eggen vidare opp mot toppen var rimeleg grei. Vi avla deretter vesttoppen eit lite besøk. Uproblematisk ut hit. Retur same veg attende til skiene. Vêret var stadig like flott, og det var for tidleg å køyre >>>

Karte    

Skagsnebb

Datum:
25.04.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
6:19h
Entfernung:
9,5km

Skagsnebb - ein av Jotunheimens finaste skitoppar? I dag klaffa i alle fall det meste: nydeleg vêr - nydeleg føre - nydeleg nedkøyring på tørr nysnø! Veldig folksomt i Leirdalen og på Hurrbrean i dag. Vel oppe i skaret mellom Skagsnebb og Bakaste Skagsnebb tok vi fatt på eggen mot toppen. Etter eit kort parti på bart fjell tok vi på stegjern. Smal, luftig og fin egg, men greit å gå.

Karte    

Loftet - kveldstur

Datum:
21.04.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:07h
Entfernung:
11,2km

Kveldstur etter jobb i nydeleg vêr. Heilt vinstille på toppen. Fin kjøring ned att.

Karte    

Høvageltindan

Datum:
28.04.2019
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
12,9km

Denne dagen var Leidalen i full vårløysing, og det rann vatn over alt. Når vi kom til Sletthamn, var vi så heldige og treffe Ole Jack som ga oss haik med beltebilen innover til Leirvassbu. Føret var ikkje så verst når vi kom inn til Leirvassbu, sjølv om snøen ble nokså mjuk utover dagen. Målet for dagen var Høgvagltindan. Vêret var litt vekslande, og det vart dårleg med utsikt på toppen. Likevel ein fin avrunding av vårski-sesongen.

Karte    

Oppryddingstur rundt Leirbrean

Datum:
19.04.2019
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
9:00h
Entfernung:
19,7km

Fin rundtur med Andrea på Leirbrean der turmålet var å besøke topper som av forskjellige grunner har blitt ståande att ved tidlegare høve.

Karte    

Loftet

Datum:
27.05.2018
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
7:30h
Entfernung:
13,1km

Flott vårskitur med Andrea og Unn Kristin. Måtte bere skiene oppover Langranden eit stykke, men bra føre trass i at kalenderen viser 27. mai.

Karte    

Steindalsnosi

Datum:
19.05.2018
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
6:15h
Entfernung:
9,7km

Flott tur til Steindalsnosi med Andrea. Litt hardt oppover det brattaste partiet opp mot toppen, og måtte ta av skiene her. Men ikkje behov for stegjern. Fantastisk utsikt frå toppen mot Hurrungane. Fin kjøring ned att. Kom oss så og si heilt ned til vegen.

Karte    

Nordre-/Vestre Bukkeholstindane

Datum:
14.04.2018
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
9:48h
Entfernung:
26,7km

Karte    

Veslfjelltinden og Bakarste Skagsnebb

Datum:
30.03.2018
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
9:48h
Entfernung:
18,2km

Påsketur rundt Hurrbrean med Iver og Andrea. Det var relativt kaldt når vi starta frå Geitsetra, men fekk kjapt varmen oppover. Dette var randonè-debut for meg og Andrea, så vi var litt spente på utstyret. Vel oppe på Veslfjelltind var både vêr og utsikt i toppklasse. Litt spontant bestemte vi oss for å legge returen om Bakarste Skagsnebb. Kom greit opp til skaret vest for denne - fantastisk utsikt her! Vi tok på stegjern i skaret, og dei kom godt med i eit lite bratt parti før vi kom opp på sjøve ryggen. Vidare lett til topps! Nedover att fekk vi testa køyreegenskapa til randonèskia, og det gav verkeleg meirsmak. Takk til Iver for triveleg turfølge!

Karte