Tverrbytthorn-traversen (02.09.2023)  6


Start point Leirvassbu (1,403m)
Endpoint Leirvassbu (1,403m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 45min
Distance 10.1km
Vertical meters 793m
GPS
Ascents Tverrbytthornet (2,102m) 02.09.2023
Tverrbytthornet V0 (2,030m) 02.09.2023
Vestre Tverrbytthornet (2,035m) 02.09.2023

Flott tur med Inge og Knut Tønnes til Tverrbytthornet.
Vi tok av stien ca. midt på Troget og fulgte bratte grasbakkar rett oppover for å unngå steinrøys lengst mogleg. På toppen av grasbakkane på rundt 1650 moh byrja vi å skrå austover og sikta oss inn på skaret som ligg rett vest for Vestre Tverrbytthornet. Frå dette skaret er det smalt, men greit opp på Vestre. På tur opp til skaret måtte vi manøvrere oss rundt/over nokre rust-raude knauser og bratt/laus steinrøys.
Videre austover eggen er det smal og artig tinderangling med eit par luftige utfordringar som gjekk greit på det fine føret. Etter å ha besøkt sjølve Tverrbytthornet fann vi ei delvis varda rute nedover att der steinrøysa var litt hyggeligare enn oppturen.
Alt i alt ein flott rundtur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.