Kolhusfjellet (27.08.2013)


Map
Ascents Kolhusfjellet (353m) 27.08.2013

Eg kjørte til Totland og ca. 250 meter før snuplassen ned for Riple kjørte eg av til venstre opp til sjølve Totland. Omtrent ved krysset til Ruken parkerte eg bilen. Gjekk så vestover forbi eit par hus og så gjennom ei grind. Etter grinda var det viktig å ikkje ta av til høgre på den fine stien som blant anna fører til Totlandsfjellet. Eg fortsette difor litt vestover og fekk sjå ein fin dal som eg skulle delvis ned. Etter å ha gått på ein kjerreveg 4-500 meter kom eg til eit uthus og der tok eg av til høgre opp til ein lavvo ved sidan ein bekk som det var ei enkel bru over. Fram til lavvoen var det fin sti. Deretter vart det mindre sti, men det var mykje granskog i retning av Kolhusfjellet. Eg følgte i hovudsak ein bekk nordvestover sidan den var utanfor granfeltet. Etter ei stund tok eg av til venstre og der var det litt lettare å gå i granskogen, med litt godvilje var det også ein sti der. Granskogen varte ikkje så lenge og ei lita stund seinare var eg komen i fjellterreng, det vil seia over tregrensa. Eg såg berre sporadisk stiar i området, men terrenget var ganske lettgått då eg var komen opp på "platået" på ca. 340 m.

Det er to små toppar på Kolhusfjellet og GPS'en, som hadde Peakbook sine UTM-koordinatar, peip på den første. Men i følgje Statens kartverk sine kartsider, der ein zoomar så pass inn at ekvidistansen er ein meter, er den mindre markerte toppen 75-80 meter lenger nordaust ca. ein meter høgare. I alle fall har denne toppen ein ekstra kote å visa til. Men det ser ikkje ut til at det er nokon grunn til å endra høgda - høgda kan ikkje vera mange centimetrar over 353 m. Oppdatert 03.02.2014: Kartposisjonen er vorte endra til posisjonen for den høgaste toppen.

Eg tenkte litt på å ta ei anna rute nedover slik at eg kom ned på stien noko vest for det nemnte uthuset. Men eg følgte likevel same rute tilbake - via lavvo og uthus.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.