Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (9)
-
Skitur (10)
- Fjellskitur (3)
- Randonnée/Telemark (7)
Skåla opp 1848 moh.
- Dato:
- 17.08.2013
Hadde meldt oss på i mosjonsklassa i motbakkeløpet Skåla opp, i Loen på laurdagen. Einar stilte i konkuranseklassa!!!!
Runa-Mari og eg køyrde frå Høyanger etter jobb på fredagen. Vi hadde leigd hytte i Hornindal, slik at vi skulle sleppe å stå så tidleg opp på laurdagen. Vi stoppa i Førde og kjøpte Ipad til Runa-Mari`....gjett om ho vart glad. Dette er premie for alle fjellturane ho har hatt dette året. Kosa oss på hytta på kvelden. Smurde niste og pakka sekken til laurdag.
Køyrde frå hytta 06.15. Var klar å gå frå start i Loen kl.07.15. Er stolt av Runa-Mari`. Det var tøft dei siste kilometerane….men vi kom oss opp.....og ned att!!!!
Nørdre Skagastølstind
- Dato:
- 25.06.2009
- Distanse:
- 14,0km
Hadde i mai 2009 blitt kjæraste med verdens flottaste fyr. Ein sprek, vaksen mann frå Lærdal, med sans for høge toppar..... Han tok meg med på Nordre Skagastølstind ein varm og flott dag i juni. Vi parkerte ved Turtagrø hotell og gjekk inn dalen, til Tindeklubbhytta. Deretter tok vi oss opp i høgda, gjekk så mot venstre og opp på toppen på den sida.
Måtte passere ei noko bratt snøbru. Snøen var heldigvis mjuk og ein kunne tråkke gode,djupe spor. Vi delte ein sjokolade før vi tok sats og fekk dei siste høgdemeterane unna.
Flott utsikt til Storen, Dyrhaugsryggen, Turtagrø.
Galdhøpiggen frå Juvasshytta
- Dato:
- 24.06.2009
Var med klassen til min yngste sønn, Simen Kristoffer, som avslutningstur i 10.klasse på Høyanger skule.
Gjekk turen i tau over breen.
Ein fantastisk dag, med strålande sol på toppen.
Min andre 2000 metring.....men enda ikkje hekta....