Nørdre Skagastølstind (25.06.2009)
Besteigungen | Nørdre Skagastølstinden (2.167m) | 25.06.2009 |
---|
Hadde i mai 2009 blitt kjæraste med verdens flottaste fyr. Ein sprek, vaksen mann frå Lærdal, med sans for høge toppar..... Han tok meg med på Nordre Skagastølstind ein varm og flott dag i juni. Vi parkerte ved Turtagrø hotell og gjekk inn dalen, til Tindeklubbhytta. Deretter tok vi oss opp i høgda, gjekk så mot venstre og opp på toppen på den sida.
Måtte passere ei noko bratt snøbru. Snøen var heldigvis mjuk og ein kunne tråkke gode,djupe spor. Vi delte ein sjokolade før vi tok sats og fekk dei siste høgdemeterane unna.
Flott utsikt til Storen, Dyrhaugsryggen, Turtagrø.
Benutzerkommentare