Rondane travers (03.08.2018)


Start point Dørålseter
Endpoint Dørålseter
Characteristic Hillwalk
Duration 12h 00min
Distance 24.5km
Vertical meters 1,736m
Map
Ascents Digerronden (2,016m) 03.08.2018
Digerronden Sørøst (1,860m) 03.08.2018
Høgronden (2,115m) 03.08.2018
Vest for Høgronden (1,900m) 03.08.2018
Midtronden Aust (2,044m) 03.08.2018
Vest for Midtronden Aust (2,035m) 03.08.2018
Midtronden Vest (2,060m) 03.08.2018
Øst for Midtronden Vest (2,057m) 03.08.2018
Tidleg morgon i Rondane. Sola skin og vi vert ønska velkommen på denne måten. Morro!!!
Tidleg morgon i Rondane. Sola skin og vi vert ønska velkommen på denne måten. Morro!!!

Ein jyyyysla tøff tur, med 6 stk.2000 meter toppar.
Vi starta frå Nedre Dørålseter, der vi hadde fått parkere bubilen , og lada alle tekniske "duppedingser" vi har no til dags....utan å måtte betale noko. Kjøpte difor kvart sitt heimestrikka Marius sokkar, til å ha i bubilen.
Vi følgte stien til bunnen av Høgronden.Det var nesten ei mil å gå før stigninga starta.

Der er Høgronden
Der er Høgronden

Turen oppover i steinura var hard, måtte godt ned med tempoet. Einar er tålmodig som få....legg seg bak meg,fotograferer, lader klokke eller mobil, slik at eg kan gå i eige tempo. Det har vist seg å fungere best. Har og erfart at eg må ha tilstrekkeleg påfyll med drikke og mat.....ellers stoppar kroppen opp.

Einar på veg oppover i stilig steinlandskap.
Einar på veg oppover i stilig steinlandskap.

Kom oss på toppen etter ca 4,5 timers gange frå bilen.

Har kjøpt meg "sjølfi" stang.....fungerer bra å ta slike bilder når ein stort sett kun er to på toppen samtidig.
Har kjøpt meg "sjølfi" stang.....fungerer bra å ta slike bilder når ein stort sett kun er to på toppen samtidig.
Flott varde på toppen her.
Flott varde på toppen her.

Knipset bilder, nytte utsikta, heiv i oss drikke før vi fortsatte....gjekk ned frå Høgronden med den første Midtronden som mål. Vi passerte over ein 1900 meter høg "kul": Vest for Høgronden, før vi fortsette ned til ca.1780 moh, då gjekk det oppover att til totusenmetertopp nr.2 i dag: Midtronden Aust.

Den spisse er Høgronden.
Den spisse er Høgronden.
....meiner dette er den første midtronden.....
....meiner dette er den første midtronden.....

Ganske raskt etter den toppen var vi på ein liten "tulletopp ", Vest for Midtronden Aust. Denne har berre primærfaktor 15.....men,den er over 2000 meter ;0) Neste topp var; Aust for Midtronden Vest, også ein "tulletopp", med primærfaktor på 10 m.
Vi gjekk litt ned att....for så å gå / klyve opp til topp 3; Midtronden Vest.

Einar i "fri galopp" på Midtrondane.....
Einar i "fri galopp" på Midtrondane.....
På ein av "tulletoppane" ;O) Sjekk regnbyga i bakgrunnen.
På ein av "tulletoppane" ;O) Sjekk regnbyga i bakgrunnen.
Den andre Midttoppen.
Den andre Midttoppen.

På veg mot topp 4 måtte vi innom ein liten haug, Digerronden sørøst på 1860 m. ...så litt ned att, der vi tok litt matpause. Vi var no nesten tom for drikke. Så var det å ta fatt på siste motbakke i dag, opp mot toppen av Digerronden. Det var no blitt litt lavt skydekke og det regna på fleire stader rundt oss.

Ser tilbake mot Midttoppane…..
Ser tilbake mot Midttoppane…..
JESSSSS!!!! Siste stortoppen i dag, Digerronden 2016 moh
JESSSSS!!!! Siste stortoppen i dag, Digerronden 2016 moh
Bak oss ser ein heile ruta vi har gått i dag. Det regner godt borte på Høgronden.
Bak oss ser ein heile ruta vi har gått i dag. Det regner godt borte på Høgronden.

På toppen fekk vi selskap av 3 stk.som hadde tatt inn på oss. Dei hadde gått samme traversen.
Skifta til tørre kle,drakk siste rest av drikke.
Tok fatt på den laaaaange nedoverbakken. Masse løs stein. Godt å ha staver, samt litt Paracet og Ibux innabords.

Ser tilbake på der vi kom ned. Mykje løs stein, er glad vi ikkje gjekk opp denne vegen.
Ser tilbake på der vi kom ned. Mykje løs stein, er glad vi ikkje gjekk opp denne vegen.

Einar fant ei god rute ned mot stien ved elva,slik at vi unngikk dødisgropene og morenehaugane.

Nesten nede ved elva att.
Nesten nede ved elva att.
Godt med sti etter timar i steinur......
Godt med sti etter timar i steinur......

Det var eit langt stykke å gå til Dørålseter. Kom tilbake til bilen nøyaktig 12 timer etter at vi gjekk derifrå i dag tidleg.

Nesten nede att etter ein lang og flott tur.
Nesten nede att etter ein lang og flott tur.
Einar fekk ein Rondanedrykk etter at bubilen var parkert for natta ;O)
Einar fekk ein Rondanedrykk etter at bubilen var parkert for natta ;O)

Kraup omtrent inn i bubilen og fekk henta meg ein iiiiskald Cider i kjøleskapet. Den styrta eg medan eg tok av fjellskoa og studerte blemmer og gnagsår!!!!
Medan vi fekk av sko og sokker såg vi ei SKIKKELEG regnbyge som kom nedover mot oss. Fekk pakka sko, sokker og sekker i bilen. Einar rygga bak bilen, medan eg fjerna klossar. Kom meg inn før det bøtta ned.
Vi fekk skifta til nye klær før vi køyrde videre og fant parkering for natta.
Sårbeint, trøtt, sliten og veeeeeeldig stolt!!!!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.