Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Ryggtravers til Svartevasstinden

Date:
14.10.2016
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
8:30h
Distance:
17.6km

Etter at Svartevasstinden plutseleg blei fjellkjendis etter 71 grader nord så fann eg ut at tida var overmoden for å fullføre Vestneslista. Tore Moltumyr og johnnyaa (Johnny Aarseth) meldte seg som turfølgje. Eg har lenge hatt lyst til å ta ryggtraversen over Kaltinden, Grøntinden og Prosten. Med fantastiske vêrmeldingar var det berre å gi gass. Vi parkerte ved Moen gård. Stien opp til Kaltinden var merka med skilt så det var lett å finne fram. Frå skaret etter Kaltinden går ein litt ned i sida mot øst, og følgjer denne eit par hundre meter, før ein går opp på ryggen igjen og følgjer denne over Grøntinden og til Prosten. Frå Prosten mot Svartevasstind vert ryggen kvassare. Vi omgjekk to punkt med å trekke litt ned i sida mot sør. Det første punktet hadde krevd rapell, mens det andre punktet hadde >>>

Map