Ryggtravers til Svartevasstinden (14.10.2016)  6


Characteristic Alpine trip
Duration 8h 30min
Distance 17.6km
Vertical meters 1,558m
GPS
Ascents Grøntinden (1,178m) 14.10.2016
Kaldtinden (1,114m) 14.10.2016
Prosten (1,261m) 14.10.2016
Svartevasstinden (1,258m) 14.10.2016
Visits of other PBEs Moen parkering (130m) 14.10.2016

Etter at Svartevasstinden plutseleg blei fjellkjendis etter 71 grader nord så fann eg ut at tida var overmoden for å fullføre Vestneslista. Tore Moltumyr og johnnyaa (Johnny Aarseth) meldte seg som turfølgje. Eg har lenge hatt lyst til å ta ryggtraversen over Kaltinden, Grøntinden og Prosten. Med fantastiske vêrmeldingar var det berre å gi gass.

Vi parkerte ved Moen gård. Stien opp til Kaltinden var merka med skilt så det var lett å finne fram. Frå skaret etter Kaltinden går ein litt ned i sida mot øst, og følgjer denne eit par hundre meter, før ein går opp på ryggen igjen og følgjer denne over Grøntinden og til Prosten. Frå Prosten mot Svartevasstind vert ryggen kvassare. Vi omgjekk to punkt med å trekke litt ned i sida mot sør. Det første punktet hadde krevd rapell, mens det andre punktet hadde vi nok i ettertid kunne klyvd ned. Det var imidlertid litt vanskeleg, sett ovanfra, å sjå kva som ville møte oss lengre nede der.

Taulengda på omlag 20 meter opp til Svartevasstinden er nydeleg. Iver Gjelstenli angir denne til grad 3 til 4 i boka Frå topp til topp i Romsdal. Fjellet var fast og fint og det var lett å sikre. Under slike flotte forhold som vi hadde var det berre og kose seg oppover til toppen.

Returen gjekk ned Venåsdalen der vi etter kvart møtte på fin og merka sti som frakta oss til Venås og 3 km med asfalt til Moen gård. Hadde ikkje vert dumt å køyrt fram ein sykkel her på førehand..

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.