Råna og Midtre Regndalstind (03.08.2016)  5


Characteristic Hillwalk
Map
Ascents Midtre Regndalstind (1,539m) 03.08.2016
Råna (1,587m) 03.08.2016
Visits of other PBEs Haukåssetra p-plass (220m) 03.08.2016
Regndalstind sørvesteggen - klyvepunkt (1,350m) 03.08.2016

Eg og johnnyaa (Johnny Aarseth) starta omlag klokka 10.30 frå Haukåssetra. Vi var glade vi ikkje skulle på Slogen eller Saksa denne dagen då parkeringa var stappfull der.

Turen opp Urkedalen og Nordkopen var eit vakkert skue. Det var fin sti som gjekk oppover til Nordkopen og etter kvart kom vi inn på eit godt merka svaparti som førte oss opp til skaret mellom Råna og Elsantindane. Dette var grei skuring, men eg hadde hatt høge skuldre om eg skulle gått ned her på vått fjell.

Frå skaret bar det oppover ura i retning mot Midtre Regndalstind. Det merka klyvepunktet var ikkje spesielt krevjande. Eksponert, men med gode tak både for hender og føter og heller ikkje spesielt smalt.

Etter å ha vert oppom Midtre Regndalstind og gått over Rånaplatået kom vi til toppen. Det er ikkje lett å seie kva som er høgste punktet, men på augemål så ser det ut som det er første pukkelen med varden. Vi klauv likevel ut resten av toppegga, både for å vere sikker på å ha vert på høgste punktet, men mest for opplevinga si skyld. Luftig klyving bort her. Det er litt av ein natur her oppe med brear på alle kantar.

Turen ned gikk radig langs samme veg med unntak av Midtre Regndalstind.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.