Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Høgvagltindane frå Leirvassbu

Date:
30.06.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
12.0km

Med utgangspunkt frå Leirvassbu ser ein rett ot Høgvagltindane. Dei er ikkje dei mest kjende toppane i Jotunheimen, men mange har sett dei! Dette er ein rundtur som er veldig fin dersom ein vil ha ein litt lengre tur enn det Stetinden og Kyrkja. Sjølv brukte eg seks timer rundt - og da gjekk eg i eit ok tempo. Turen starta frå Leirvassbu og eg fulgte samme veg som brukast for å gå til Kyrkja. Turen dreide etterkvart mot vatnet Øvre Høgvagltjønnen til enden av vatnet. Her gjekk eg over bekken som rant og starta oppstigninga opp mot Austre Høgvagltinden (1.916 moh). Sjølv tykte eg oppstigninga var ganske grei, med noko klyving og noko glatt underlag sidan det rant vatn der. Det gjekk radig oppover til toppen, og der kunne eg skimte resten av turen rundt Høgvaglbreen mot Midtre og Vestre >>>

Map    

Kyrkja frå Leirvassbu

Date:
29.06.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
8.0km

Å sjå på Kyrkja frå Leirvassbu er ein mektig opplevelse. Turen er dog ikkje så vanskeleg, og treng heller ikkje ta så lang tid. Frå Leirvassbu går ein vegen sørover og snur etterkvart mot aust. Da vi gjekk kunne vi gå på snøen store deler både opp og ned, og det var godt iallfall ned. Vel oppe på 1.755 meter over havet, rett sør for eggen opp til Kyrkja tok vi ei god pause før den delvis bratte oppstigninga opp mot Kyrkja starta. Oppstigninga består av to delvis parti der ein må klyve, men dei aller fleste klarer dette. Utsikta frå Kyrkja er enorm, og mestringsfølelsen er god. Eg har vore på toppen opptil fleire gongar, og eg har møtt på alt frå små ungar til eldre folk. Dette er ein tur som passar for dei fleste, og dersom det blir for bratt er det berre å snu og vente >>>

Map