Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Høgdebrotet

Date:
12.12.2018
Map    

Heimdalshøe frå Maurvangen

Date:
25.11.2018
Map    

Rasletinden fra Valdresflya

Date:
24.11.2018
Map    

Nautgardstinden frå Russlie

Date:
16.11.2018
Map    

Kyrkja frå Leirvassbu

Date:
07.08.2018

Ny tur opp på Kyrkja i sommer. Turen opp frå Leirvassbu er enkel og grei, og opp mot toppen er det eit par klyvinger. Riktignok ikkje meir enn at dei aller fleste klarer det. Kyrkja er av dei enklaste 2.000 meterstoppane å nå i Jotunheimen og har ei rå utsikt!

Map    

Bukkeholstraversen frå Leirvassbu

Date:
01.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
23.0km

Det var meldt fint vær og gode tørre forhold, så onsdag 1. august la vi ut på ein lang tur på Bukkeholstraversen. Vi kjørte to biler, og sette igjen den eine bilen ved Geitsætre før vi kjørte den andre inn til Leirvassbu. Det var vi veldig glad for etterpå, for det ville blitt svært langt å gå frå Geitsætre til Leirassbu etterpå (ein kan sjølvsagt satse på haik....). Frå Leirvassbu gjekk vi inn stigen mot Spiterstulen, men tok til venstre inn mot bunnen av Søre Bukkeholstinden. Da vi gjekk var bekken Tverrbyttna delvis stor som følge av bresmelting, men det gjekk greit å komme seg over. Stigninga opp mot Søre Bukkeholdstinden er rett og slett kjei. Det er 500 høgdemetre rett opp, men slitet betaler seg når ein kjem oppå. Da venter ein heilt fantastisk ryggtravers bortover >>>

Map    

Stetinden frå Leirvassbu

Date:
02.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
8.0km

Turen starter på vegen som går rundt Stehøe mot Smørstabbreen. Bare følg denne noen kilometer og når du har rundet sør for Stehøe kan du begynne å rette blikket opp mot bandet mellom Stehøe og Stetinden. Det er delvis stein og gress oppover, men oppstigningen til 1.800 meter over havet går greit. Noen velger så å gå over Søre Stetinden (1.985 meter over havet), men eg gjekk rundt på høgresida på fonna/breen. Fordelene med å gå på Søre er at du da ser ryggen og kor luftig det er mot vest, men ein må litt ekstra høgdemetre. Sjølve oppstigninga mot Stetinden går greit, men noko klyving er det. Ned så bestemte eg meg for å bruke nordsida av fonna/breen ned. Eg er ikkje sikkert på forholda her, men for min del gjekk det greit. Når ein kjem ned på nordsida av Stehøe er >>>

Map    

Urdadalsryggen fra Leirvassbu uten tau

Date:
01.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:30h
Distance:
20.0km

Vi startet fra Leirvassbu og planen var Urdadalsryggen uten tau og sikring. Mens eg har lite klatreerfaring hadde turkompisen atskillig meir, men denne turen kan dei aller fleste klare med noenlunde god fysisk form, normal kroppsbeherskelse og ikkje være redd for luftige parti. Denne dagen var det tørt og fint, og turen kan nok bli ekstra utfordrende ved regn eller glatte partier. Det er også enklest å gå frå nord til sør (eg er veldig glad for at vi gjorde det iallfall). |medium|center]] Vi startet med å gå innover DNT-stien mot Spiterstulen. Vi hadde bestemt oss på forhånd å prøve å skjære opp kortest veg mot Store Urdadalstinden, og det klarte vi fint ein plass mellom Store og Midtre Urdadalstinden. Det er ein del laus stein oppover fjellsida, så pass litt på. Det er ein god >>>

Map    

Høgvagltindane frå Leirvassbu

Date:
30.06.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
12.0km

Med utgangspunkt frå Leirvassbu ser ein rett ot Høgvagltindane. Dei er ikkje dei mest kjende toppane i Jotunheimen, men mange har sett dei! Dette er ein rundtur som er veldig fin dersom ein vil ha ein litt lengre tur enn det Stetinden og Kyrkja. Sjølv brukte eg seks timer rundt - og da gjekk eg i eit ok tempo. Turen starta frå Leirvassbu og eg fulgte samme veg som brukast for å gå til Kyrkja. Turen dreide etterkvart mot vatnet Øvre Høgvagltjønnen til enden av vatnet. Her gjekk eg over bekken som rant og starta oppstigninga opp mot Austre Høgvagltinden (1.916 moh). Sjølv tykte eg oppstigninga var ganske grei, med noko klyving og noko glatt underlag sidan det rant vatn der. Det gjekk radig oppover til toppen, og der kunne eg skimte resten av turen rundt Høgvaglbreen mot Midtre og Vestre >>>

Map    

Kyrkja frå Leirvassbu

Date:
29.06.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
8.0km

Å sjå på Kyrkja frå Leirvassbu er ein mektig opplevelse. Turen er dog ikkje så vanskeleg, og treng heller ikkje ta så lang tid. Frå Leirvassbu går ein vegen sørover og snur etterkvart mot aust. Da vi gjekk kunne vi gå på snøen store deler både opp og ned, og det var godt iallfall ned. Vel oppe på 1.755 meter over havet, rett sør for eggen opp til Kyrkja tok vi ei god pause før den delvis bratte oppstigninga opp mot Kyrkja starta. Oppstigninga består av to delvis parti der ein må klyve, men dei aller fleste klarer dette. Utsikta frå Kyrkja er enorm, og mestringsfølelsen er god. Eg har vore på toppen opptil fleire gongar, og eg har møtt på alt frå små ungar til eldre folk. Dette er ein tur som passar for dei fleste, og dersom det blir for bratt er det berre å snu og vente >>>

Map