Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
Favoritturer
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favorittopper
Homsknuten og Kjellsfjellet frå Dalavegen
- Dato:
- 15.02.2020
Fin snøtur på beina normalvegen til Homsknuten, med ein liten avstikkar til Kjellsfjellet. På grensa til tungt med ca. 10 cm snø i høgda, men greit å følgja stien. Snaue 2 timar på tur.
Forsøk på Almåsen frå Døvik og Kjortåsen frå Hellandsheia
- Dato:
- 04.02.2020
Gjorde først eit forsøk på Almåsen frå Døvik denne finversdagen etter eit kraftig snøfall. Bar skia med opp traktorvegen, og dei kunne tas på eit stykke nedanfor Paddevatnet. Håpet var at det var skiterreng vidare innover, men det viste seg derimot å vera småkupert med lyngtuer, så det vart vendereis etter få hundre meter langs Paddevatnet.
I staden gjekk vegen til Kjortåsen. Det vart ein sjeldan tung tur med snøvassing den korte normalvegen frå Hellandsheia. Umulig å følgja stien, så det blei ganske krevande i bratt og snødekt lende. Flott ver med solskin og framifrå utsikt, heile 32 år sidan sist!
Nonsknuten, Middagsåsen og Øykjafjellet frå kraftstasjonen
- Dato:
- 03.02.2020
Fin tur i snødrev over desse nærtoppane, ekstra ruskje med vind på Øykjafjellet. Opp merka sti frå Selemorkvegen med retur om Kalddalen.
Sokkaknuten frå toppen av Leviksbakken
- Dato:
- 10.01.2020
Flott kveldstur frå parkering ved Sisselstova. Akkurat ½ time opp og det same ned. Effektiv tur etter første gang gjennom Ryfast over Hundvåg i fredagsrushet. 1 ¼ time frå Mortavika til Jørpeland, neppe over timen når Eiganestunnelen åpnar.
Årets fineste turer 2019
- Dato:
- 31.12.2019
Årets 5 fineste turer, kronologisk.
1: Sveigen på Haukeli , skitur med Øyvind og Guttorm i mars
Link til turbeskrivelse .
2: Svartavassknuten i Jørpelandsheia , maitur med Øyvind
Link til turbeskrivelse .
3: Travers av Slettmarkpiggen , pinsetur i Jotunheimen med Øyvind, Guttorm og Peder
Link til turbeskrivelse dag 1 og turbeskrivelse dag 2 .
4: Travers av Skardstind , sommertur i Jotunheimen med Øyvind og Guttorm
Link til turbeskrivelse dag 0 og 1 , turbeskrivelse dag 2 og turbeskrivelse dag 3 .
5: Alvaldsnuten i Etne , høsttur med Øyvind og Guttorm
Link til turbeskrivelse .
