Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Jærmannburet fra P-plass

Date:
30.09.2020

Med Ola ifm. besøk på Nyhamna.

Map    

Medfjellsvarden heimefra, heim om Røyningsvatnet

Date:
27.09.2020

Finverstur med suppe på stormkjøkkenet med Olaug. Vindstilt og lettskya.

Map    

Halvmaraton (nesten trekvart) gjennom Jørpelandsheia #3

Date:
19.09.2020

Ideen til denne langturen saman med Håvard gjennom Jørpelandsheia vart påtenkt alt 1. januar 2020 i og med at «nye Strand» kommune såg dagens lys. Det medførte som kjent at ein del av arealet i Forsand kommune nord for Lysefjorden gjekk over til nabokommunen, deriblant Preikestolen og Neverdalsfjellet. Ideen var såpass ambisiøs som å gå over alle stortoppane i «nye Strand», dvs. dei 9 fjelltoppane over 700 moh med pf≥100m. Planen var derfor å ha ein bil ståande ved Preikestolhytta og starta turen frå parkeringa i Bjørheimsheia. Dette ville kreva minst 12 timar på tur med lett oppakning i finver, i og med at turen ville verta mellom 3 og 4 mil og med over 2500 høgdemeter stigning. Ingen tur i parken, altså! Toppane er, i naturleg rekkefølge frå Bjørheimsheia til Preikestolhytta:  >>>

Map    

Medfjellsvarden heimefra, heim om Homravatnet og Hillesland

Date:
15.09.2020

Stilt, overskya og eit snev av seinsommar. Følgte stiane aust for Ilsvatnet og Røyningsvatnet, så stilaust nordover til høgdedraget aust for Mjåvatnet før eg tok meg ned til midt på Homravatnet og heim langs vegen. Nokre enkeltbekkasinar var fine faunainnslag, om lag 2 ½ timar på tur.

Map