Frå Liarvatnet til Forenesvatnet om Longavatnet (13.03.2026)


Karte
Besuche anderer PBE Langavatnet demning (450m) 13.03.2026

Endå ei helg reservert i Jarle si hytte ved Forenesvatnet, denne gangen med relativt dårleg vêrmelding. Det vart 2 timar 50 min på tur frå parkeringa ved Liarvatnet, relativt tungt i nysnø, med aukande snømengde oppover mot Forenes- og Longavatnet. Det var såpass vassføring i Longavassåna at eg ikkje torde kryssa henne med full oppakning og valde derfor å gå heilt opp til stemmen. Som vanleg godt å koma fram til hytta!

Ved Småsilbekken. Hodna som pleier å stikka seg fram, er dekte av skodda
Ved Småsilbekken. Hodna som pleier å stikka seg fram, er dekte av skodda
Ved Uføresberget. Isen på Liarvatnet har losna frå land
Ved Uføresberget. Isen på Liarvatnet har losna frå land
Tilbakeblikk mot Tunglandsneset frå same staden. Det kjem akkurat ei snøbyge innover Liarvatnet
Tilbakeblikk mot Tunglandsneset frå same staden. Det kjem akkurat ei snøbyge innover Liarvatnet
Frå Klampen mot Grimsli og Solknuten
Frå Klampen mot Grimsli og Solknuten
Ved indre delen av Forenesvatnet mot Vardhusheia
Ved indre delen av Forenesvatnet mot Vardhusheia
Forenesvatnet sett frå hytta i søraust. Krunefjell dannar bakgrunnen
Forenesvatnet sett frå hytta i søraust. Krunefjell dannar bakgrunnen
Det går ei snøbyge ved stemmen i Longavatnet. Godt å vera her, då går det i alle fall ikkje meir oppover!
Det går ei snøbyge ved stemmen i Longavatnet. Godt å vera her, då går det i alle fall ikkje meir oppover!
Endeleg framme!
Endeleg framme!

Etter å ha fått lunk i hytta og hatt meg ein god middag, vart det ein ettermiddagstur på 1 ½ time. Hovudformålet var å finna ein trygg trasé over Longavassåna, noko eg greidde. Det gjer at returen ikkje treng å gå om stemmen i Longavatnet. Turen vart avslutta med ein sving oppom utsiktspunktet rett ovanom hytta.

Her let åna seg steingå, der ho deler seg i tre-fire løp. Knausane dannar bakgrunnen
Her let åna seg steingå, der ho deler seg i tre-fire løp. Knausane dannar bakgrunnen
Det nærmar seg kveld ved Forenesvatnet. Solknuten ligg under skoddelaget
Det nærmar seg kveld ved Forenesvatnet. Solknuten ligg under skoddelaget
Forenesvatnet sett frå utsiktspunktet ovanom hytta. Det er snart åpen råk heilt over til utløpsosen
Forenesvatnet sett frå utsiktspunktet ovanom hytta. Det er snart åpen råk heilt over til utløpsosen

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.