Frå Liarvatnet til Svartavatnet om Forenes- og Longavatnet (31.01.2026)


Map
Visits of other PBEs Langavatnet demning (450m) 31.01.2026

Endeleg – etter meir enn ein månad med mange minusgrader – var det trygt å gå på isen på Liarvatnet. Og med Jarle si hytte ved Forenesvatnet booka for helga, var det bare å legga ut på tur. Lørdagen sette me ein bil i Målandsdalen med plan om å avslutta der neste dag, og kjørte så rundt til Dalen. Det var meldt kaldt og fint vêr for helga, men kraftig austavind med både storm- og orkankast i høgda, så me var helst "rundkledde" ved turstart kl. 1020. Ein av oss nytta skeiser og to av oss broddar over vatnet, og det var ikkje fritt for at motvinden baud oss motstand. Det var óg tydeleg at isen innanfor Tunglandsneset var av det nye slaget – det er her inne vatnet er mest seinfrose.

Godt kledd for austavinden over Liarvatnet!
Godt kledd for austavinden over Liarvatnet!
Over isen på veg mot Grimsli, og det føykar beint imot
Over isen på veg mot Grimsli, og det føykar beint imot
Tilbakeblikk på Liarvatnet frå Klampen der me gjekk i land
Tilbakeblikk på Liarvatnet frå Klampen der me gjekk i land

På Forenesvatnet var det inga tvil om at isen var både gammal og trygg, og ein kjenning me traff som hadde kome over vatna heilt frå Bratteli-kanten, kunne fortella at det same var tilfellet på Longavatnet. Vel framme i hytta etter 5,5 km og 1 ½ time på tur, fekk me fyr i omnen og litt føde før me tok ut igjen i 1245-tida. Planen var at ein av oss skulle få med seg Liaknuten og treffa oss andre inne ved Svartavatnet. Me derimot, ville gå over isen på Longavatnet.

I fint driv oppover langs Grimsliåna
I fint driv oppover langs Grimsliåna
Tilbakeblikk nedover mot Grimsli
Tilbakeblikk nedover mot Grimsli
Vintraleg ved Forenesvatnet
Vintraleg ved Forenesvatnet

Som tenkt, så gjort, og me holdt lag opp i Ospeskardet rett frå Forenesvatnet, der me skilte lag. Med aukande snømengde kom skistavane mine til god hjelp her, men ski vurderte me aldri å ta med oss. Her såg me óg ei mus, men ellers var det knapt liv å sjå denne kalde og vindfulle dagen, utanom ein fossekall i bekken frå Svartavatnet. Ein del dyrespor var det derimot, i alle fall av hjort etter det me kunne sjå.

Me tok ned på tjødnane i Ospeskardet og vidare ned på Longavatnet der motvinden stod beint på frå sør og aust. Men me krumma nakken og pakka oss inn så godt me kunne og gjekk i land ved bekken frå Svartavatnet. Planen var å gå opp på dette bortgjømte vatnet her innerst i Jørpelandsheia, ta ein god mat- og kaffipause og venta på kameraten.

På Forenesvatnet med kurs mot Ospeskardet. Knausane dominerer
På Forenesvatnet med kurs mot Ospeskardet. Knausane dominerer
Tilbakeblikk mot øvste tjødna i Ospeskardet, sjølve skardet og Knausane
Tilbakeblikk mot øvste tjødna i Ospeskardet, sjølve skardet og Knausane
På Longavatnet med Vardhusheia dominerande
På Longavatnet med Vardhusheia dominerande
I kraftig motvind sørover Longavatnet
I kraftig motvind sørover Longavatnet
Mot sørenden av Longavatnet med Steinfjellet sentralt
Mot sørenden av Longavatnet med Steinfjellet sentralt
Tilbakeblikk nordover Longavatnet, som er flankert av Liaknuten og Vardhusheia
Tilbakeblikk nordover Longavatnet, som er flankert av Liaknuten og Vardhusheia

Turen opp til Svartavatnet kunne me for ein stor del ta i sjølve bekkefaret, som helst var attfrose. Oppe ved vatnet tok me oss opp på høgdedraget aust for utløpsosen og fekk dagens finaste utsikt, endåtil med solgløtt beint imot. Etter å gått ned på vatnet, rusla me litt forbi holmane, fann oss ei fin livdakrå og retteleg kosa oss på tur.

Interessant ferd oppover bekkefaret mot Svartavatnet
Interessant ferd oppover bekkefaret mot Svartavatnet
Ditto
Ditto
Denne upasserbare bekkehølen fører oss opp på høgdedraget aust for utløpsosen…
Denne upasserbare bekkehølen fører oss opp på høgdedraget aust for utløpsosen…
…der me får flott utsikt over Svartavatnet med Godlifjellet i bakgrunnen
…der me får flott utsikt over Svartavatnet med Godlifjellet i bakgrunnen
På veg sørover Svartavatnet, like ved holmane
På veg sørover Svartavatnet, like ved holmane
I retning austenden av Svartavatnet med Bratteliknuten bak til høgre
I retning austenden av Svartavatnet med Bratteliknuten bak til høgre
Mat og solgløtt i ei livdakrå ved Svartavatnet
Mat og solgløtt i ei livdakrå ved Svartavatnet

Me var heldige og traff kameraten som hadde hatt ein interessant tur over Liaknuten. Saman gjorde me vendereis over Longavatnet i heile sin lengde på 3 km, og det var ikkje fritt for at enkelte vindråser holdt på å blåsa oss av gårde. Etter å ha gått i land ved den gamle stemmen, tok me oss ned til hytta langs nordsida av vassdraget – til saman 10 km og 4 timar på både sjeldan og spennande istur i paradiset.

Heilt i sørenden av Longavatnet med 728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet)
Heilt i sørenden av Longavatnet med 728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet)
Retur nordover Longavatnet
Retur nordover Longavatnet
Retur over søre Vardhustjødna
Retur over søre Vardhustjødna
Over nordre Vardhustjødna
Over nordre Vardhustjødna
Straks ved stemmen i nordre Vardhustjødna
Straks ved stemmen i nordre Vardhustjødna
På stemmen i Longavatnet/Vardhustjødnane
På stemmen i Longavatnet/Vardhustjødnane
Kanalen nedanfor stemmen
Kanalen nedanfor stemmen
Iskunst i Longavassåna
Iskunst i Longavassåna
Kveldsidyll i paradiset!
Kveldsidyll i paradiset!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.