Geitatørne og Urhaugane frå Preikestolhytta (07.04.2020)
Bestigninger | Geitatørne (548moh) | 07.04.2020 |
---|---|---|
Urhaugane (692moh) | 07.04.2020 |
Dette var planlagt som ein kombitur til to gjenverande toppar inne ved Hengjane, nemleg den siste på pf≥100m lista for "nye Strand" og den siste sekundærtoppen min av noko betydning i Jørpelandsheia. Både Geitatørne og Urhaugane ville kreva stilaus bushing og dermed orientering, og finver var derfor ein forutsetning. Dette området er heller ikkje lett framkommeleg og dessutan med store høgdeforskjellar. Med det nylege snøfallet dei første aprildagane var det óg viktig at det ikkje var att for mykje snø i høgda, og då det vart eit par fine og varme dagar tidleg i påskeveka, var tida inne til å prøva.
Det gjekk på hellelagd "motorveg" til Neverdalskardet, så på den gamle og nå T-merka stien ned i Neverdalen. Det var ein kjøleg, men flott vårdag, og det var knappast snørester att under 550 moh. Det var full vårstemning i skogen óg, med syngande bokfink, måltrost, gjerdesmett, raudstrupe, ei ubestemt spette og endåtil orrespel.
Som alltid var det flott å koma så langt inn som til vakre Skogavatnet, men denne gangen var eg sjølvsagt mest spent på vegvalet utover til Geitatørne. Dette gjekk utruleg greit, og eg skal omtala vegvala mine slik: Først gjekk eg ikkje heilt ned til sørenden av Skogavatnet, men tok av frå T-stien 25 hm ovanom vatnet og holdt lett på skrå bort til lågaste punkt på ryggen austover mot toppen. Vidare fann eg nødlingar (små vardar) nesten med ein gang, og følgte desse rett opp og vidare austover ryggen. Nødlingane forsvann, men vegvalet vidare gav seg nokså sjølv. Eg holdt mellom to småtoppar, så ned til og nord for eit par islagde pyttar; her var det bl.a. eit stilig buldresva. Nå gjenstod bare forsering av det djupe hakket like nordvest for toppen, og dette let seg greit kryssa ved først å gå eit stykke vestover og så til topps via eit naturleg drag.

Kjekt å toppa ut ved siste varden på lista for "nye Strand" etter om lag 2 timar og i retteleg finver! Som venta var det ikkje kø av folk her inne, men derimot ei ubestemt ørn som holdt meg med selskap. Det vart ein rundtur på andre mulige toppunkt, og dessutan fann eg bolten etter det gamle trigpunktet som har stått ytterst, men tydeleg lågare enn varden. Det vart dessutan tid til ein kort matpause og orientering til kjende toppar og landskap, bl.a. Neverdalsfjellet og Hengjanibba som stakk seg kjennesleg fram i kvar si retning.
Herifrå såg det veldig langt ut til topps på Urhaugane, og det såg ut til å vera ein del snø over 550 moh, den høgda eg var på nå. Men greit tilbake på T-stien var det ikkje tvil om å freista lukka. Eg holdt framleis høgda 25 hm ovanom Skogavatnet og vidare i aukande snømengde så direkte mot toppen som eg kunne gjennom skogen. Heldigvis var det meir tørt land enn snø, og derfor ganske greit å gå utanom snøen til oppunder flaten på om lag 560 moh. Her oppe var det snødekt, men óg flott utsikt mot Troppeknuten og tjødnane nedanfor, og dessutan opp mot Urhaugane og Husafjellet. Dessutan var det reine påskestemninga med snø og solskin av beste merke.
Vidare til topps på Urhaugane gjekk det greit, for eg kunne finna ein sørvendt og nokså snøfri trase. Som navnet meir enn indikerer, var det sjølvsagt godt med stein og ur både i oppstigninga og på topplatået, men faktisk mindre enn eg hadde trudd. Kjekt å toppa ut ved den beskjedne varden og sjå kjende landskap på alle kantar. Eg tok óg ein rundtur og fekk med meg den framifrå utsikten mot Troppevatnet i sørvest. Hadde eg vore sikker på snøforholda, burde eg ha lagt returen vestover høgdedraget til 676-toppen Ørnaknuten og på vestsida av Troppevatnet, og dermed fått ein rundtur utav det. Men eg valde å kjøra safe retur der eg kom ifrå. Nedover var det ikkje så nøye å unngå snøen, så vel nede ved T-stien att var fjellsko og buksebein gjennomvåte.

Ulempa med retur denne vegen er den snaut 200 hm stigninga til Neverdalskardet; slik óg denne gangen. Det var ikkje mykje kraft att i beina då eg endeleg var oppe. Virussituasjonen gjorde at eg nesten kjende meg attende til 90-talet ein slik fin vårdag. Då eg kom ned att til Preikestolhytta var det sikkert ikkje meir enn 30 bilar på parkeringa, og det var berre norsk og helst lokal dialekt å høyra på dei få eg traff på veg til og frå Stolen.
Det vart i alle fall fullklaff denne dagen, snaue 5 ½ timar på tur, minst 15 km og 1000 hm, og dessutan fullført pf≥100m liste for "nye Strand"!
Til slutt litt om navnet Geitatørne eller "-tødene" som det heiter på lokal dialekt, i alle fall frå gammalt av. Ei to er ei grasvaksen berghylle, gjerne der dyr vert "tekne" i skårfeste. Me kjenner andre lokale navn som Kjeatofjellet, Lammatoknuten og dessutan Tofjellet i Årdal. Går ein T-stien frå Viglesdalen/Stakken til Nilsebu, går ein langs Snetonå, "tonå som ligg på snei" (på skrå).
User comments