Archive - Date

Archive - Geography

Collected lists

Vangsen

Date:
14.07.2023
Distance:
7.4km

Karin hadde prata om denne toppen lenge, og mellom to lågtrykk hadde ho bestemt seg, bestilte rom på Jostedalen Hotell og då var det berre å henga med. Frå Krekane tok me opp Vanndalen til Vanndalsvatnet 1057 moh der det var fin parkeringsplass. Følte oss litt åleine i eit stort nytt område, og berre ein utanlandsk bubil på plassen attmed. Men me sala på oss og la i veg ned bakkane mot ei solid bru. Lett å sjå at stien var mykje brukt. So vart det bratt oppover bakkane på andre sida med blaut jord, stein og vegetasjon i skjønn foreining. Der er det komen ein bil til på parkeringsplassen, seier Karin, og ein person kom bortetter stien i luntetrav. Me var ikkje lenger åleine her. I 1300 m høgd vart det ein 90 graders til høgre med 100 høgdemeter med stein og ur til me møtte >>>

Map    

Vorfjellet

Date:
22.09.2019
Distance:
11.2km

Map    

Helgedalen Turtagrø

Date:
04.08.2019
Characteristic:
Bike trip - mixed
Distance:
4.0km

Map    

Fannaraaken

Date:
04.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.3km

”Dei galne (gamle) har det godt”. Med eit lite vindauge av godvêr i sikte, vart telt, soveposar og kokeutstyr frå midt på 70-talet pakka og syklar hengt på bilen fyrste laurdagen i august. Ved destinasjon Turtagrø var det kamp om parkeringsplassane, men endeleg etter ei stund var det ein plass for oss og. Me fekk pakka på oss sekkar og utstyr og av garde bar det innover Helgedalen med Fanaråken i sikte. På veg frå parkeringsplassen mot avkøyrsla til Helgedalen stoppa ein utlending med stor medynk for oss og tilbaud oss skyss. Me avslo på høfleg måte. Tur til Fanaråken hadde fruen drøymt om lenge (ho har berre vore der på ski). Sykkelturen var ikkje so lang men desto skeivare. Sekken halla meir og meir mot Steindalsnosi, men me kom fram til ein flott plass å slå leir ved >>>

Map    

Helgedalen

Date:
03.08.2019
Characteristic:
Bike trip - off-road
Distance:
4.0km

Map    

Barmarkstur til Store Haugmelen

Date:
22.11.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.7km

Start ved vegbom rett ovanfor Dalåker på Kaupanger. 3,7 km med fin grusveg fram til vegskiljet til Breidsete. Her tok me over til høgre på traktorveg. Vidare 2 km på traktorveg opp til stølen Vassløysa. Etter matpause i solveggen, ca 2,3 km på god sti til toppen. Tid opp: 2t 52min inkl. 15 min. matpause Tid ned: 2t 26min inkl. 15 min. matpause Bilde 1: Stølen Vassløysa Bilde 2: Stølen Vassløysa Bilde 3: Toppvarden på Store Haugmelen Bilde 4: Må sjølvsagt skriva oss inn i boka Bilde 5: Utsikt sørover mot Kvarven, Ombandsneset, Bermålsnosi og Vetanosi Bilde 6: Utsikt nordover

Map     2 comments

Dyrhaugtinder

Date:
01.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.8km

Map    

Høgvaglen

Date:
19.09.2015
Duration:
3:34h
Distance:
7.6km
Map    

Til Molden med Årdal Gålag

Date:
05.08.2015
Duration:
4:34h
Distance:
9.2km

Map    

Vårskitur til Hestedalsfjellet

Date:
14.05.2015
Duration:
2:34h
Distance:
8.1km

Vårskitur til Hestedalsfjellet Me har enno ikkje lagt skia på hylla for sesongen. I mai kan ein oppleva dei flottaste skiturane oppe i høgfjellet. Tindevegen mellom Øvre Årdal og Fortun opnar for utrulege mulegheiter på dette området. Etter ein kort biltur frå Årdal eller Luster er ein midt inne ein av Noregs flottaste fjellområder, sommar som vinter. 2000 meter-tindane står der som majestetar og lokkar dristige skikøyrarar til topps. Karin og eg skal nøya oss med ein noko mindre krevjande tur, men likevel flott og spanande. Me har aldri vore på Hestedalsfjellet før og der ligg spaninga. Nytt terreng og nye ruter. I fjor på denne tida var me på Korenosi, ein omtrent like lang (kort) tur som denne, men då med atskillig mindre snø. Me starta frå bomstasjonen på Tindevegen, midt >>>

Map