Archive - Date
Archive - Activity
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
- Ski trip (10)
-
Trip by foot (69)
- Alpine trip (3)
- Hike (58)
- Jogging (8)
Peakbook-Friends
Collected lists
Favourite peaks
Trollkyrkja juli 2013
- Date:
- 24.07.2013
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 10:00h
- Distance:
- 8.2km
Endelig skulle eg og Geir kome oss på tur i lag. Valget falt på Trollkyrkja og vi la i veg frå Fet kl 1330. Temperaturen viste 24 grader og det var ikkje ei sky på himmelen. Det gjekk seint oppover skogen. Vatnet under breen var utrulig forfriskande etter at sola hadde varma opp vassflaskene på veien. Traff tre andre som hadde vore på toppen. Og litt etterpå vart vi tatt igjen av en som hadde vore på rundt på Ljøsabreen. Geir hadde ikkje lyst å klyve siste meterane til toppen so det vart eg og han frå Ljøsabreen vart nr 4 og 5 på toppen den dagen. Det vart seine kvelden før vi var nede på Fet.
Urfjellet juni 2013
- Date:
- 23.06.2013
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 5:00h
- Distance:
- 14.5km
Tåke og duskregn men det var tydelig at sola skein over tåka, so det var lett å bestemme seg for fjelltur. Start frå sætrevegen på Straumgjerde. Det var visst motbakkeløpet "Opp på Bruna" denne dagen, så det var folksomt oppover. Første trimpost på Brune - her er det om å gjere å snike med seg flest mulig trimpoeng på vegen - i regi av Velledalen IL. I Osen på Langeneset er det Turvandraren i Sykkylven og Vik IL som har trimpost...I Straumsbotnen er det fint å raste litt, med benkar ved vasskanten. Urfjellet stikk sporadisk fram frå tåka. Frå Straumsbotnen byrjar den virkelige stigninga. Først opp på Koppen (som er trimpost for VIL) så til Svadfjellet der det må fyllast på med meir brensel. Siste stigninga opp mot Urfjellet er utrulig dryg! Kjente godt at eg >>>
Stokkfonntinden juni 2013
- Date:
- 21.06.2013
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 4.8km
Ettermiddagstur attmed Ole Bjørn. Ferdig på jobb kl 14, avgårde 1445 frå Erstad. Bil heilt til Storevasshytta gjorde dette til ein kort tur. Parkerte ved enden av vegen ca 1500. Tåka låg tjukt over heile Storevassgryta og ga ingen lovnad om utsikt. Vi gjekk i tåke på skrått oppover mot botnen under Synnavindsnipa, men uten sikt så vant vi for lite høgde og endte opp med unødvendig klyving opp våte svaberg. Botnen og videre opp var dekt av delvis råtten snø, men vi kunne såvidt skimte Stokkfonnskaret slik at retninga kunne leggast ditover. Vi kom fort inn i tjukkare tåke og gjekk rett på det lille massivet som utgjer Stokkfonntindane. Det gjorde imidlertid ingenting for når vi først såg tindane kunne vi følgje ei bratt snørenne heilt til topps. Klyving i toppområdet. >>>
Keipen juni 2013
- Date:
- 16.06.2013
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 6:00h
- Distance:
- 15.7km
For ein gongs skuld var det fint ver under Sykkylvsdagane. Alt dugnadsarbeidet var unnagjort dagen før, so søndagen skulle brukast til ein fjelltur. Optimistisk nok gjekk eg rett opp gjennom Gaddeskogen. Eg gløymer kor ugjennomtrengelig buskaset er for kvar gong...Men etter to timar med basking står eg på Gjerdekollen og kan ete niste. Opp på Storfjellryggen er det enkelt med litt småklyving. Videre mot Keipen legg eg merke til at tåka kjem inn frå havet. Eg er redd dette kan bli tredje forsøk på Keipen uten å få utsikt. Når eg kjem dit ryggen blir til ein kvass egg har allereie tåka samla seg runt hovudet mitt! Eg hadde også gløymt kor kvass og luftig denne egga er, men det er enkelt å klyve egga til topps. Eg er heldig å få glimt av utsikt gjennom opningar i tåka. Ned >>>
Pinsetur til Gjerdekollen
- Date:
- 20.05.2013
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 11.4km
Steikjande sol! Då var det greitt å ta oppstigninga frå Riksheimdalen og opp gjennom Gaddeskogen som ligg i skugge mesteparten av dagen. Var ganske sikker på at det skulle gå greitt å gå den vegen då eg har gått den på ski før. Var raskt oppe på flata der eg fann ein bra sauerås som førte rett til toppen. Fjøre til fjells hadde vore der og plassert ei fjøl, noko som vil føre til at Gjerdekollen blir godt besøkt i år, noko som toppboka (som også er nytt) kunne bekrefte. Valgte å gå ned mot Straumsheim og for ein gongs skuld fann eg råsa, som var merka godt....På Straumsheimsætra traff eg ei som venta på resten av reisefølget sitt, dei skulle også opp til kollen. Og litt lengre nede traff eg på ikkje mindre enn to andre reisefølger med Gjerdekollen som mål. Like >>>
morgontur på Tjønesfjellet
- Date:
- 15.05.2013
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:00h
- Distance:
- 2.5km
Strandafjellet desember 2012
- Date:
- 02.12.2012
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 4:00h
- Distance:
- 11.2km
starta frå Nysætervatnet kl 0940 i -12,5 grader attmed hundane. Opp råsa langs Vikelva og opp til Blådalsvatna. Oppstigninga til Blåfjellet gjekk langs den breie skråhylla i vestsida. Lite snå og den som var der var hard skare så trugene vart verande på sekken til pynt. Vidare til Roaldshornet og opp til sola. Det var ein befriande følelse for ansiktet begynte å bli noko frose! Etter den obligatoriske toppsjokoladebiten var det vidare over ryggen til punkt 1115. Og vidare til Kleivdalsfjellet. Litt vind gjorde at eg måtte bruke buffen til å dekke kjakane et lite stykke. Under Langevatnet var snøen litt hard og bratt, men uten at det var noko stort problem. Framme ved Svartevatnet kl 1345.
Straumsheimshornet september 2012
- Date:
- 23.09.2012
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 5:00h
- Distance:
- 4.1km
Vekas snøfall hadde trekt seg godt opp over 1000moh, og yr kunne melde om sol frå open himmel. Då skulle alt vere klart for ein kanondag i fjellet. Eg heiv meg på sykkelen og sette kurs for folkestien ved Fetvatnet og var framme i ni-tida. Fjellhugboka kunne fortelle at det var ein lett tur, men tung og lite variert oppstigning. Tett skog, ugjennomtrengelig kratt, sleipe mosekledde svaberg, og våte myrlendte strekninger som var rikelig bratte kunne vel kvalifisere turen til krevjande viss eg fekk ha eit ord med i laget. Men utsikta var fin so då var det no greit likevel;-)