Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Synnavindsnipa september 2013

Date:
28.09.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h
Distance:
15.9km
Map    

Skopphornet september 2013

Date:
08.09.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
5:00h
Distance:
11.5km

Resten av familien var spreidd over alle vindar, fotballkamper, treninger og katteutstillinger, so eg og hundane fekk finne på noko anna: årets tredje tur til Skopphornet. Balder, som ikkje har vore på langtur aldri so lenge pga hårsekkmiddangrep, var ekstra gira. Tok ein avstikkar ned til vardane rett over Erstad, trur dei må vere på 700-800moh ein plass. Derifrå gjekk vi langs kanten oppover forbi der Stavefonna startar. Ei skråhylle i fjellsida tilseier at det er mogeleg å ta seg oppi renna og opp på Erstadfjellet med tausikring! Vidare opp og rundt Erstadfjellet og inspeksjon av ruta i frå Stavekollen. Fin fugleperspektivutsikt ned i Kalddalen derifrå. Vidare opp på Skopphornet og heim via Smådalane. Smådalane er eit vakkert lite stykke Sunnmøre, så her tok vi ein liten >>>

Map    

trimposttur til Holetindane

Date:
30.08.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
4:00h
Distance:
7.2km

Fredag og tid for ny trimpost, Holetindane. Kjempefint ver! Sendte ungane avgårde på skulebussen og satt meg på sykkelen mot Brunstad. Sykla opp på Brunstadsætra og kunne logge 4 trimpoeng. Parkerte sykkelen og gav meg i veg til Storevatnet på Brunstadkollen og nye 20 poeng. Bakken opp til toppen av Holetindane er både lang og dryg og ikkje særlig variert men etter ei stund kunne eg notere meg for nye 30 poeng - totalt 54 poeng. Prøvde meg på ein namnlaus topp mellom Holetindane og Ystevasshornet men måtte gi meg då eg kom til ei djup kløft. Det såg ikkje vanskelig ut, men et fall ville fått fatale konsekvenser! Så ingen ny topp i dag! Ikkje mykje å skrive om returen anna enn at sykkelturen ned sætrevegane ga meirsmak. Alt i alt ein fin måte å bruke ein fridag på

Map    

Trimposttur til Myrdalsfjellet

Date:
23.08.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Distance:
3.6km
Map    

Nakkane august 2013

Date:
05.08.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Distance:
3.9km
Map    

Gullmorhornet juli 2013

Date:
29.07.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h
Distance:
14.8km
Map    

Trollkyrkja juli 2013

Date:
24.07.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
10:00h
Distance:
8.2km

Endelig skulle eg og Geir kome oss på tur i lag. Valget falt på Trollkyrkja og vi la i veg frå Fet kl 1330. Temperaturen viste 24 grader og det var ikkje ei sky på himmelen. Det gjekk seint oppover skogen. Vatnet under breen var utrulig forfriskande etter at sola hadde varma opp vassflaskene på veien. Traff tre andre som hadde vore på toppen. Og litt etterpå vart vi tatt igjen av en som hadde vore på rundt på Ljøsabreen. Geir hadde ikkje lyst å klyve siste meterane til toppen so det vart eg og han frå Ljøsabreen vart nr 4 og 5 på toppen den dagen. Det vart seine kvelden før vi var nede på Fet.

Map    

Urfjellet juni 2013

Date:
23.06.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
5:00h
Distance:
14.5km

Tåke og duskregn men det var tydelig at sola skein over tåka, so det var lett å bestemme seg for fjelltur. Start frå sætrevegen på Straumgjerde. Det var visst motbakkeløpet "Opp på Bruna" denne dagen, så det var folksomt oppover. Første trimpost på Brune - her er det om å gjere å snike med seg flest mulig trimpoeng på vegen - i regi av Velledalen IL. I Osen på Langeneset er det Turvandraren i Sykkylven og Vik IL som har trimpost...I Straumsbotnen er det fint å raste litt, med benkar ved vasskanten. Urfjellet stikk sporadisk fram frå tåka. Frå Straumsbotnen byrjar den virkelige stigninga. Først opp på Koppen (som er trimpost for VIL) så til Svadfjellet der det må fyllast på med meir brensel. Siste stigninga opp mot Urfjellet er utrulig dryg! Kjente godt at eg >>>

Map    

Stokkfonntinden juni 2013

Date:
21.06.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
3:00h
Distance:
4.8km

Ettermiddagstur attmed Ole Bjørn. Ferdig på jobb kl 14, avgårde 1445 frå Erstad. Bil heilt til Storevasshytta gjorde dette til ein kort tur. Parkerte ved enden av vegen ca 1500. Tåka låg tjukt over heile Storevassgryta og ga ingen lovnad om utsikt. Vi gjekk i tåke på skrått oppover mot botnen under Synnavindsnipa, men uten sikt så vant vi for lite høgde og endte opp med unødvendig klyving opp våte svaberg. Botnen og videre opp var dekt av delvis råtten snø, men vi kunne såvidt skimte Stokkfonnskaret slik at retninga kunne leggast ditover. Vi kom fort inn i tjukkare tåke og gjekk rett på det lille massivet som utgjer Stokkfonntindane. Det gjorde imidlertid ingenting for når vi først såg tindane kunne vi følgje ei bratt snørenne heilt til topps. Klyving i toppområdet. >>>

Map    

Keipen juni 2013

Date:
16.06.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h
Distance:
15.7km

For ein gongs skuld var det fint ver under Sykkylvsdagane. Alt dugnadsarbeidet var unnagjort dagen før, so søndagen skulle brukast til ein fjelltur. Optimistisk nok gjekk eg rett opp gjennom Gaddeskogen. Eg gløymer kor ugjennomtrengelig buskaset er for kvar gong...Men etter to timar med basking står eg på Gjerdekollen og kan ete niste. Opp på Storfjellryggen er det enkelt med litt småklyving. Videre mot Keipen legg eg merke til at tåka kjem inn frå havet. Eg er redd dette kan bli tredje forsøk på Keipen uten å få utsikt. Når eg kjem dit ryggen blir til ein kvass egg har allereie tåka samla seg runt hovudet mitt! Eg hadde også gløymt kor kvass og luftig denne egga er, men det er enkelt å klyve egga til topps. Eg er heldig å få glimt av utsikt gjennom opningar i tåka. Ned >>>

Map