Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Keipen, DNT-tur

Date:
23.07.2023

DNT-tur med over 30 personar. Gjekk utan sporing. Vi brukte ca. 6 timar opp frå Sørdalstrappa. Ca. 5 1/2 time ned igjen. Tek sjølvsagt litt ekstra tid når så mange skal passere trange pass, og ein går i mest muleg samla flokk. Men veldig fint å gå turen med turlagsleiarar med mykje kunnskap om terreng, geologi og historier. Sjå også videosnutt med bilde som eg sende til Keipen Turlag: https://fb.watch/m3rNRWrFEr/

Map    

Padletur

Date:
15.07.2023
Distance:
3.0km
Map    

Klakegga /Dombesteinseggene

Date:
14.07.2023
Distance:
9.1km
Map    

Vingekvarvane

Date:
01.07.2023
Distance:
8.8km

Fantastisk utsikt! Innteikna rås i Bremanger-kartet stemte etter kvart ikkje med tydeleg rås og små-vardar (frå ca. vatnet på 515 moh). I bratta opp mot Søre Vingekvarven forlet eg råsa eg hadde fylgt fordi den gjekk langt mot sørvest. Innteikna rute på Bremanger-kartet opp denne bratta (lengre aust) såg lite logisk ut, ut ifrå slik eg såg terrenget oppover. Dermed gjekk eg berre slik eg tenkte det var greitt. Sidan eg ikkje gjekk i rås bratta opp til Søre Vingekarven, valde eg å ikkje gå via Søre etter å ha vore på Nordre. Følgde skaret nedover mot aust. Var nok ikkje enklaste plassen å gå; veldig småkuppert, fleire småelvar og nokre litt smale berg å gå på. Men ved å ta det roleg, så gjekk det fint. Sikkert betre tidlegare på året når det ligg mykje snø nedover >>>

Map