Archiv - Nach Datum
Bytingstind og Trollvasstid
- Datum:
- unbekannt
Ein uforgløymeleg tur i mai 2004! Vi tok med oss syklar på bussen til Bjørkedalen, sykla oppover eit stykke før vi tok beina fatt. Ein del snø å gå på etter kvart. Heilt vindstille og varmt; vi måtte væte hovudplagga for å ikkje få skikkeleg skallebank på grunn av varmen - og stikke hovuda ned i snøen :)
Turvenninna mi hadde med miniski som vi delvis rann på eit stykke nedover.
Sykla tilbake til Folkestad, i motvind, kan eg hugse. Fint med ei pause på ferja før vi kom oss heilt heim atte og steikte pannekaker :)
Får sjå om eg kan finne igjen fleire papirbilde og scanne dei.