Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Fountainebleau

Date:
16.03.2014
Characteristic:
Bouldering

Det har vore litt stille frå meg her på peakbook i det siste. Andre delar av livet har hatt prioritet, og turane har ikkje vore så veldig intressante å skriva om. Men for å i det heile tatt halda litt liv i denne sida kjem her ein liten turrapport frå turen eg hadde til Fountainebleau våren 2014. Ideen vart unfanga ein kald februardag i Trondheim Klatresenter av Eirik. Han samla etterkvart troppane og ordna både git og leiebil, så for oss andre var det eigentleg berre å bestille fly og pakke sekken. Flyet frå Trondheim gjekk som vanleg alt for tidleg, men alt for buldringa.. Blei møtt av Eirik i ein forstad til Paris, der heiv vi i oss litt mat før snudde leigebilen mot Font. Vi etablerte oss i git'n og venta på at dei andre skulle koma med fly utpå kvelden. Etter eit par timar >>>

Map    

Min fyrste tur til Harbak

Date:
03.08.2013
Characteristic:
Bouldering

Fleire helger denne våren og sommaren har vi planlagt tur Harbak, men Trøndelag er Trøndelag og været har som regel sett ein stoppar for planane. Denne helga skulle det endeleg bli tida for min fyrste tur til Harbak. Eg var delvis litt bekymra sidan eg frå før berre har buldra på 4 og 5 talet ute. Det hjalp heller ikkje på at eg visste at alle ruter under 6A kun er gradert "lett" i føreren, og at ein ikkje får billige grader på Harbak. Likevel var eg jo gira på å få eit besøk til eit av Noregs beste buldrefelt! Klokka 9 laurdag morgon blei eg plukka opp av Leif Erik og Eirik, før vi sette kurs mot Flakk og ferga over til Fosen. På ferga møtte vi resten av gutta på tur; Arve, Erlend og Eivind. Lita kaffepause med vond fergekaffe, før vi dura i veg frå Rørvik og >>>

Map