Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Vinterjuving i Tundra

Date:
28.03.2013
Characteristic:
Ice climbing
Distance:
7.8km

Eg har nyst kjøpt meg nye stegjern, og ville gjerne få testa dei i påsken. Så eg, onkel og søskenbarn Elin la ut på tur i Tundra. Ein tur som eg nok vil karakterisera meir som "vinterjuving", enn som isklatring. Uansett kva ein kallar det, dette er ein spanande tur fordi ein kjem til plassar ein aldri kan få besøkt ellers. Vi kjøyrde opp til omlag Brumillom, der vi parkerte. Vi pakka med oss langt meir "skrammel" enn vi nok trengte, men det ser jo skikkeleg profft ut med mykje utstyr i klatreselen.. Eller var det nybyrjar? Vi gjekk ned mot elva, og turen kunne nok godt ha enda alt her. For her var det realt glatt, og vi hadde ikkje fått på oss stegjerna. Både eg og onkel sklei stygt på veg ned mot Tundra, og eg trur onkel slo skuldra si skikkeleg godt. Vi kom oss uansett med litt >>>