Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Påskeklassiker nr.1 i Skjåk: Skridulaupen

Date:
30.03.2013
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:34h
Distance:
23.8km

Skridulaupen, kanskje den mest klassiske av alle påsketurar i Skjåk. Merkjeleg nok har eg aldri gått denne turen. Så denne påska hadde eg stygge planar om å få skvisa inn denne klassikaren i turprogrammet som eit passe tillegg til monsterturen Gråhø. Eg forhøyrte meg litt rundt om nokon ville vera med og fleire viste interesse, men av ulike årsakar var Pappa den einaste som stod igjen når dagen rann. Vi hadde alle intensjonar om å kosa oss på tur, og ingen intensjonar om å springa som gale på toppen. Så i passe behageleg morgontid sette vi oss i bilen og kjøyrde til Grotli. Framme på Grotli fann vi fort ut at vi ikkje var dei einaste som hadde tenkt oss ut i fjellet denne dagen. Det var trongt om plassen på parkeringsplassane. Kanskje ikkje så merkeleg med tanke på at dei >>>

Map    

Påsketur til Gråhøe

Date:
26.03.2013
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
11:24h
Distance:
36.7km

Gråhøe, Løyfthøe, eller berre tjugefjorten? 2000-meters toppa i "mitt" fjellområde er så anonym og bortgjøymd at ein ikkje eingong er sikker på om den har eit navn. Denne vesle haugen som så vidt har krafsa seg over 2000 meter ligg godt gjøymd blant andre meir prangande fjellformasjonar som sin navnebror Gråhøa, det utkjende Stammåhjulet og den langt kvassare Skarvedalsegga. Men det var altså til Gråhøe vi skulle. Vi har prata om det i lengre tid, og no var påska og den fastsette datoen her, så det var berre å pakka sekken og førebue seg på langtur. Rundt klokka 9 om morgonen var vi klar ved Billingen seter, der graderstokken synte -18. Sjølv om vi gleda oss til at sola skulle renne, kjentest det langt i frå så kaldt ut. Så vi la på fellene og byrja å labbe >>>

Map    

Søre Tverrådalskyrkja

Date:
23.03.2001
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Moldulhøe

Date:
15.06.1996
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Storivilen

Date:
12.06.1995
Characteristic:
Backcountry skiing

Skuletur med ungdomsskulen. Som avslutningstur før sommarferien kunne vi velja mellom ein sykkeltur med grilling i Aura, eller topptur til Storivilen. Eg og ein liten gjeng til valde det litt meir fysiske og ambisiøse målet. Sett bort i frå Galdhøpiggen er nok dette min fyrste orntlige topptur. I alle fall den fyrste toppturen som krevde litt fysikk og uthaldanheit. Ein kan vel difor seia at mi toppturkarrierre starta med denne turen! Gjekk opp lia frå Lundagrenda med skia på sekken, opp til Lendhytta og forbi. Oppe ved breen tok vi på oss skia og gikk opp med feller. Flott vær og lang utsikt heilt til Vågåvatnet, og forbi.

Map