Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Eit kilesett gjer ingen joika

Date:
29.08.2013
Characteristic:
Sport climbing

Ei svale gjer ingen sumar seier dei, og eit kilesett gjer heller ingen til joika.. Men vi kom i alle fall nokre hakk nærare.. Sportsbua har kjøyrd 50% salg på alt klatreutstyr. Eg og Andreas var litt seint ute så størsteparten av utvalet var ribba da vi kom dit, men vi greide i alle fall å få krafsa til oss kvert vårt kilesett. Og no var det på tide å få testa det på den lokale granitten. Ein drug kjøyretur gjennom Trondheim sentrum i rushtrafikken og vi var endeleg ute i marka. Vi bestemte oss for å gå ein 4- ved navn "Eventyrstien", eit fint lite dieder. Andreas skulle lede, og eg sikra. Ledinga gjekk som ein drøm for Andreas til tross for litt nerver. Kanskje spesielt når ein av kilane spratt ut og eg forsiktig sa "Eg trur du vil stoppe og setja ei ny sikring >>>

Map    

Geitfjellet

Date:
10.08.2013
Map    

Min fyrste tur til Harbak

Date:
03.08.2013
Characteristic:
Bouldering

Fleire helger denne våren og sommaren har vi planlagt tur Harbak, men Trøndelag er Trøndelag og været har som regel sett ein stoppar for planane. Denne helga skulle det endeleg bli tida for min fyrste tur til Harbak. Eg var delvis litt bekymra sidan eg frå før berre har buldra på 4 og 5 talet ute. Det hjalp heller ikkje på at eg visste at alle ruter under 6A kun er gradert "lett" i føreren, og at ein ikkje får billige grader på Harbak. Likevel var eg jo gira på å få eit besøk til eit av Noregs beste buldrefelt! Klokka 9 laurdag morgon blei eg plukka opp av Leif Erik og Eirik, før vi sette kurs mot Flakk og ferga over til Fosen. På ferga møtte vi resten av gutta på tur; Arve, Erlend og Eivind. Lita kaffepause med vond fergekaffe, før vi dura i veg frå Rørvik og >>>

Map