Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Påsketur til Loftet

Date:
08.04.2012
Characteristic:
Randonnée/Telemark

"Vi skulle på påsketur!" Nokre tradisjonar er eldgamle. Andre er av relativt ny dato. Min nyaste tradisjon er å koma meg over 2000 meter i løpet av påska. Det er vel eigentleg ein draum eg har hatt sidan eg og Onkel Per gjekk rundt Tverrådalskyrkja, og toppa ut Søre Tverrådalskyrkja ei påske (eg må finne ut årstal for denne turen, trur det var ein gong på 90talet..). Påska 2012 var eg i alle fall i gang, og eg håpar at om eg ikkje greier å koma meg over 2000 kvar påske, at eg i det minste får ein skikkeleg topptur i det minste. Påska 2013 var det altså Loftet som stod for tur. Loftet er jo ein særs klassisk topptur for alpinski. Førhaldsvis grei oppstigning, og eit skikkeleg javnt og langt renn ned utan særleg daudtid. Vi dura avgarde ganske tidleg oppover Bøverdalen >>>

Map