Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Besseggen

Date:
16.07.2012
Characteristic:
Hike
Duration:
6:36h
Distance:
14.7km

Eg og Nina hadde i lengre tid snakka om at no burde vi jammen snart få gått Besseggen. Etter å faktisk ha rota meg litt meir ut i marka, samt sjølvsagt turen til Kilimanjaro, hadde turlysten min auka dramatisk etter å ha lege daud i nokre år. Og no stod Noreg's nasjonalikon for tur. Ingen av oss hadde gått den før, sidan vi var tøffe og fra bygda så heiter det jo "Kven har lyst til å gå i kø over Besseggen, når det finns så mange andre fine turar og gå?". Sumaren skulle vise seg frå si vrangaste side, og været på yr.no viste for det meste regn, overskya og meire regn. Likevel var det EIN finværsdag å skimta. Denne låg konstant ei veke fram i tid, så vi byrja å bli usikre på om vi skulle få gått denne turen i det finværet den fortjente. Da tida nærma seg, >>>

Map    

The great geocache run

Date:
06.05.2012
Characteristic:
Hike
Duration:
3:15h
Distance:
8.4km

Etter fem år i Trondheim, oppdaga eg plutseleg Bymarka. Eg veit ikkje heilt kvifor eg ikke har vore så mykje på tur her. Andre aktivitetar som studie, kampsport og quiz har fylt tida. Dei turane eg har vore på har enten vore heime i Skjåk, eller i Estenstadmarka. Skal ein dømme turlendet rundt Trondheim etter Estenstadmarka så er det klart at ein fort mistar litt piffen. No skal det seiast at eg har vore utallige turar i Korsvika og langs Ladestien, så heilt stille har eg ikkje vore medan eg var i byen denne perioda. Bymarka var likevel merkeleg nok eit ubeskreve blad. Men så byrja eg med geocaching, og plutseleg byrja faktisk turinteressen å koma sigande tilbake. Da snøen byrja å gå i mai var det difor på tide å ta seg til Bymarka for å greva opp eit par cachar, og å utforske >>>

Map    

Påsketur til Loftet

Date:
08.04.2012
Characteristic:
Randonnée/Telemark

"Vi skulle på påsketur!" Nokre tradisjonar er eldgamle. Andre er av relativt ny dato. Min nyaste tradisjon er å koma meg over 2000 meter i løpet av påska. Det er vel eigentleg ein draum eg har hatt sidan eg og Onkel Per gjekk rundt Tverrådalskyrkja, og toppa ut Søre Tverrådalskyrkja ei påske (eg må finne ut årstal for denne turen, trur det var ein gong på 90talet..). Påska 2012 var eg i alle fall i gang, og eg håpar at om eg ikkje greier å koma meg over 2000 kvar påske, at eg i det minste får ein skikkeleg topptur i det minste. Påska 2013 var det altså Loftet som stod for tur. Loftet er jo ein særs klassisk topptur for alpinski. Førhaldsvis grei oppstigning, og eit skikkeleg javnt og langt renn ned utan særleg daudtid. Vi dura avgarde ganske tidleg oppover Bøverdalen >>>

Map    

Kilimanjaro via Rongairuta

Date:
11.02.2012
Characteristic:
Hike
Distance:
70.5km

Prolog Det var ein haustdag i 2011 da haustdepresjonen byrja å setja inn at eg såg Kilroy hadde bursdag denne dagen og feira med å gi gode rabattar på alle turar bestilt denne dagen. Eg hadde reisefeber og den einaste kuren eg kom på var meir reise. Eg sprang sporenstreks bort til sjefen og spurte "Når kan eg tidlegast få ferie i 2012?". Vi blei enige om at byrjinga av februar skulle vera greit. I lunsjen sykla eg ned til Kilroy og nokre få timar etter at eg såg annonsen hadde eg bestilt meg spontantur.. Til toppen av Afrika, Kilimanjaro! Dag 1: Moshi "And on your left side, you can now see the Kilimanjaro" sei piloten. I neste sekund gjer han eit svalestup som føles som om det sveiper veggen på dette gigantiske massivet som reiser seg frå sletta under oss. Eg sit >>>

Map