Eit kilesett gjer ingen joika (29.08.2013)


Start point Tømmerdalstorget
Endpoint Tømmerdalstorget
Characteristic Sport climbing
Map
Visits of other PBEs Tikneppen klatrefelt (340m) 29.08.2013
Eit kilesett gjer ingen joika, men fine fargar har det i alle fall..
Eit kilesett gjer ingen joika, men fine fargar har det i alle fall..

Ei svale gjer ingen sumar seier dei, og eit kilesett gjer heller ingen til joika.. Men vi kom i alle fall nokre hakk nærare..
Eventyrstien
Eventyrstien

Sportsbua har kjøyrd 50% salg på alt klatreutstyr. Eg og Andreas var litt seint ute så størsteparten av utvalet var ribba da vi kom dit, men vi greide i alle fall å få krafsa til oss kvert vårt kilesett. Og no var det på tide å få testa det på den lokale granitten. Ein drug kjøyretur gjennom Trondheim sentrum i rushtrafikken og vi var endeleg ute i marka. Vi bestemte oss for å gå ein 4- ved navn "Eventyrstien", eit fint lite dieder. Andreas skulle lede, og eg sikra. Ledinga gjekk som ein drøm for Andreas til tross for litt nerver. Kanskje spesielt når ein av kilane spratt ut og eg forsiktig sa "Eg trur du vil stoppe og setja ei ny sikring no" - "hæh?" - "Ja, du skjønar den du nett sette datt ut....". Ny sikring vart sett, og etter ein nano-runout på eit par meter var han oppe og byrja setja standplass. Etter litt tid ropar han "Kanskje du skal komma opp å sjå på det her eg har ikkje brukt taubremsen som reverso før og det her virkar litt rart". Eg var ikkje akkurat tungbedt, det var tross alt mi helse som skulle hengje på lina her. Rusla rundt og opp og tok ein kjik så fekk vi klara opp bruken av reverso. Eg rusla ned igjen, knytte meg inn i tauet og klatra etter. Greit å få reptert litt under slike omgjevnadar. Det er ikkje like lett å stå på stand på alpinruter og rope "Kan du koma opp og sjå om eg har gjort det rett?". Antagelegvis ikke så veldig sunt for psyken til han som skal opp heller..

Kule røtter.
Kule røtter.

Deretter prøvde eg å lede opp ei dårleg sikra 3er rute. Fekk sett eit par bomber i bunn, men psyka ut på dei neste flytta og mangelen på egna kileriss. Måtte berre gje opp, og la Andreas prøva seg. han kom seg litt lengre opp og fekk sett ei sikring han langt i frå var sikker på, og fant heller ingen fleire egna plassar for fleire kilar. Det heile enda med at han lena seg litt over mot høgre og klippa inn på boltruta ved sidan av. Eit lite rykk i tauet, og den skralle sikringa losna... Det er ingen skam å baile, sjølv på lette ruter. Han som ikkje kvier seg for å baila, lev for å klatra ein annan dag.. Mykje knot, men vi oppnådde målet om å få repetert og trent. Fin kveld i fint vér og selskap, nokre gonger er det meir enn nok.

Med på tur: anforb (Andreas Forberg)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.