Veslfjellkyrkja (19.07.2013)


Start point Liavassosen (691m)
Endpoint Liavassosen (686m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 54min
Distance 11.0km
Vertical meters 818m
GPS
Ascents Veslfjellkyrkja (1,365m) 19.07.2013
Utsyn mot Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja
Utsyn mot Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja

Sola skein, det gjekk ikkje an å sitja inne! Eg ringde difor onkel Per og spurte om han ville vera med på tur dagen etter, og om han hadde noko gode tips. "Kva med Veslfjellkyrkja, og områda rundt" sa han. "Kvifor ikkje" sa eg, og så var det avtala. Dura oppover mot Sota dagen etter og starta i god sumarvarme frå Liavassosen. Vi sikta oss mot noko som onkel kalla for "Jakobsholet"; vistnok eit ganske idyllisk område. Bratt oppover, og med ganske frodig skog. Vi brukte god tid på botanisering og fotografering på turen oppover. Vi kunne i alle fall med sikkerheit fastslå at i år verka til å vera det store linnea-året. I tillegg til all floraen møtte vi også på ei elgku med to kalvar på vår tur oppigjennom skogen. Vel oppe i Jakobsholet så var det omlag akkurat så idyllisk som onkel skulle ha det til. Vakker frodig fjellnatur med spredet fjellbjørker og små dammar, haugar og knausar. Vi fant oss ei lita tjønn og eta mat ved, og sat der og naut livet i sakte drag, medan eg prøvde å orientere meg på toppane rundt oss. Rivenoskulen, Søverhøe, Sekkebreen, Dyringsøe, ja til og med Karitind og Trollkyrkja kunne vi sjå der i det fjerne...

Deretter bar det straka vegen mot Veslfjellkyrkja (Må jo alltids ha med ei topp), som vistnok i fylgje onkel hadde ein av dei vakraste flekkane i Skjåk å by på! Det skulle jo bli spanande. Vi traska oss opp mot dit det blei bratt og fulgte eit hyllesystem oppover. Litt enkel kliving, og vi var på toppa. Som lova var utsikta upåklageleg. Stor fin varde, som diverre ikkje stod på toppunktet, så her måtte vi ta ansvar og bygge ein heilt ny toppvarde! Etter at vardebygginga var ferdig lunta vi mot tjønna som vistnok skulle vera Skjåks finaste flekk; noko som skulle vise seg å væra om ikkje sant så i alle fall veldig nær sanninga. Ei lita idyllisk tjønn mot ein bakgrunn av dei to flottaste fjella i Skjåk: Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja. Her blei det ein liten fotosesjon, og eit aldri så lite nakenbad av onkel. Turen ned igjen lunta vi rundt kyrkja og ned i dalen, forbi Kleivbergtjønna og same veg ned som vi kom opp. Absolutt ein høydare av ein tur! Herleg nasjonalromantisk lende, flott vær, flott utsikt og flott selskap!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.