Påsketur til Gråhøe (26.03.2013)


Start point Billingen (728m)
Endpoint Billingen (724m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 11h 24min
Distance 36.7km
Vertical meters 1,590m
GPS
Ascents Gråhøe (2,014m) 26.03.2013
Tøff i trynet på Reinheimens tak.
Tøff i trynet på Reinheimens tak.

Gråhøe, Løyfthøe, eller berre tjugefjorten? 2000-meters toppa i "mitt" fjellområde er så anonym og bortgjøymd at ein ikkje eingong er sikker på om den har eit navn. Denne vesle haugen som så vidt har krafsa seg over 2000 meter ligg godt gjøymd blant andre meir prangande fjellformasjonar som sin navnebror Gråhøa, det utkjende Stammåhjulet og den langt kvassare Skarvedalsegga.

Men det var altså til Gråhøe vi skulle. Vi har prata om det i lengre tid, og no var påska og den fastsette datoen her, så det var berre å pakka sekken og førebue seg på langtur. Rundt klokka 9 om morgonen var vi klar ved Billingen seter, der graderstokken synte -18. Sjølv om vi gleda oss til at sola skulle renne, kjentest det langt i frå så kaldt ut. Så vi la på fellene og byrja å labbe gjennom skogen oppetter lia. Halveges oppe i skogen løsna fella mi, og eg byrja å bli redd at vi ikkje skulle få gjennomført på grunn av noko så dumt som dårleg lim på fellane. Heldigvis fekk eg klistra den på igjen, og såg ikkje noko meir til felletrøbbelet.

Vi åt høgdemeter ganske greit opp igjennom skogen, og var snart oppe på fjellet. Sola hadde stått opp og påskeværet slo til for fullt. Det var faktisk ikkje så mykje som ei sky å sjå på himmelen, og vinden var bortimot fråværande. Eg kan nesten ikkje hugsa å ha hatt så perfekt påskevær nokon gong. Vi stogga for ei brødskive og å nyta utsikta. Vi peika og skravla i veg om alle toppane vi hadde vore på, eller hadde lyst til å dra på. Skridulaupen, Tverrådalskyrkja, Tundradalskyrkja.. Alle låg dei i utsynet og gjorde seg flotte og attraktive for oss. Vi fortsette etterkvart innover, delvis over hardt og litt skavlete føre. Noko som skapte små bekymringar om nedturen, men desse bekymringane blei fort gløymd. Været var jo så fint, og det var jo så lenge til måtte tenkja på det. Ettersom det flata ut drog vi av fellane, og fekk på blåswix'en.

Gråhøene. 2014 i midten.
Gråhøene. 2014 i midten.

Feøret var ikkje så aller verst, og vi kom oss greit innover mot Føystjønna og dei små haugane i vestsida av Stammåhjø. Her tok vi lunsj, medan vi bada oss i sol og kjika med lange blikk innover mot Tordsnose som strekte seg forlokkande mot kvelvingen. Det er ikkje så ofte at eg tykjer det beste med å ta pause i vinterfjellet er å få slept ut litt varme og damp av jakke og knott, men i dag var det verkeleg godt å få dampa litt av seg. Etter ei god pause fortsette vi innover, og kom etterkvart til munninga av Skarvedalen, og vi kunne for fyrste gong sjå målet for dagens tur. Innover Skarvedalen var det ganske flatt og føret godt så her kunne vi i stor grad staka, eller til og med gå diagonalgange. Trass i dette verka turen innover dalen likevel ganske dryg.

Ved foten av Gråhøa byrja eg å gå tom for krefter, og måtte rett og slett berre setja meg nedpå. Eg tømte innpå med brødskiver, nøttifrutti og te, og kom meg meir eller mindre i slag at. Vi la på igjen fellane og byrja å klatre oss sakte opp den bratte lia mot toppen. Sjølvsagt dukka det som alltid opp nye toppar bak det vi trudde var toppen, og jo høgare vi kom, jo meir slaka det ut. Til slutt var vi på tur innover toppplatået mot varden. Vi hadde greid det, vi var endeleg på toppen av Reinheimen. Noregs einsemste 2000metring synte seg frå si beste side, og vi kunne sjå store delar av det sørlege fjellnoreg. Ja været var faktisk så bra at eg kunne posere for toppfotografi i berr overkropp, sjølv om dette fort blei ganske kaldt.

Nedover mot Dordiholet.
Nedover mot Dordiholet.

Så var det berre å få på seg litt meir klede, og byrja på nedfarten. Føret var til dels hardt og skavlete med innlagt lausare parti, noko som for min del gjorde det vanskeleg å stå på beina. Før eg var nede i Skarvedalen at hadde eg fått slått meg grundig på hard skare, og planta trynet godt ned i eit overraskande parti med laussnø. I tillegg kjøyrde eg alt for anspent, og blei særs sliten av dette. Så i botnen av Skarvedalen måtte eg rett og slett berre be pent om nok ei pause. Både bein og hovud var sliten av kjøyret. Eg kasta innpå ei skive, meir nøttifrutti medan eg som best eg kunne prøvde å restituere meg. Eg hadde nok gått meg tom, men så langt inn i ville fjellet var det ingenting anna å gjera enn å dra seg opp i ståande posisjon og fortsetja. Tanken om å bryta meg inn i Skarvedalsbua og berre bli liggande over natta var særs freistande. Det neste partiet var noko lettare, sjølv om det var hardt mot syrlege bein og sliten kropp berre å halda seg oppreist. Vi kom oss greit ned mot Føystjønna, og kunne etterkvart nyta synet av Skridulaupen i kveldssol. Denne gleda blei kortvarig for no var vi nede i det harde, skavlete området.

På tur ned i sein kveldssol.
På tur ned i sein kveldssol.

Vi kryssa oss ned igjennom skavlane og eg har ikkje tal på kor mange gonger eg låg rett ut som ei reke. Det hjalp ikkje akkurat på eit slitent hovud, og etterkvart byrja eit mismot eg nesten ikkje har kjent til sidan forsvaret å siga på. Det blei tyngre og tyngre å reisa seg for kvart fall, og vanskelegare å vanskelegare å halda på motet. Det einaste eg greide å gjera for å halda meg sjølv i bevegelse var å banna stille for meg sjølv medan eg rende, og banna høgare kvar gong eg rulla. Etter kvart kom vi oss faktisk ned til skoggrensa. Dette var ikkje noko lettelse da den i all hovudsak var full av laussnø. Snø eg sikkert hadde elska med betre form og telemarksski. No derimot var det kaldt og vanskeleg å koma seg ut av kvar gong eg rulla. I tillegg til kom også kvelden sigande og etterkvart måtte eg jammen fram med hovudlykta også. Vi kom oss stadig nærmare Billingen, men den tome kroppen min syns uansett det var langt igjen heilt ned dit. Plutseleg var vi der likevel! Vi hadde brukt 11.5 time på turen. GPS'n synte nærmare 9 timar i bevegelse. Ein halv time tidlegare hadde eg forbanna meg på at dette var det verste eg nokon sinne hadde vore med på.. Etter å ha fått av meg skia, og fått melding frå heime om at det venta dusj, god mat og vin syns eg ikkje turen var så ille lenger. No, dagen etter, er eg faktisk tilbøyeleg til å seie at det i det store og heile var ein flott tur! Ja, eg trur faktisk eg seier det var ein flott tur!

Med på tur: anforb (Andreas Forberg)

Start date 26.03.2013 08:51
(UTC+01:00)
End date 26.03.2013 20:15
(UTC+01:00)
Total Time 11h 23min
Moving Time 8h 54min
Stopped Time 2h 29min
Overall Average 3.2km/h
Moving Average 4.1km/h
Distance 36.7km
Vertical meters 1,589m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.