Liaåsen (13.08.2011)


Start point Lohove
Endpoint Lohove
Characteristic Hike
Distance 10.0km
Map
Ascents Liaåsen (429m) 13.08.2011 14:00

Tur for å bli betre kjent i Estenstadmarka. Hadde ikkje bevega meg stort i den austlege delen før. Strålande ver, så eg pakka med meg kaffe, niste og GPS og for på geocach-jakt. Delvis blaut stig etter at eg bevega meg ut av hovudfartsåra rundt dammane og vegen til Estenstadhytta. Flott utsikt over byen opp frå Styggdaleni bakkesida av Tomsetåsen. Tok meg ei matpause ved den gamle gruva i Rammdalen, før eg satte inn toppstøtet. Må nok innrømme at utsikta herifrå var ganske skuffande. Det var i det store og heile ein skogkledd ås det var vanskeleg å skjøna kor toppunktet var. Tusla meg ned same veg som eg kom, litt betre kjent i også i dei austlege delane av Estenstadmarka.

PS: Har vore her ved fleire anledningar seinare, og vil påpeike at på kveldstid vinterstid er det ein ganske fin topp å stikke innom på skitreningstur. Veldig stille, roleg og nær meditativt å stå her i fred og sjå utover lysa frå byen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.