Topptur til Storhornet (27.02.2010)
Besteigungen | Storhornet (1.589m) | 30.03.2011 |
---|
Denne vintern hadde eg kjøpt meg orntleg telemarkutstyr for fyrste gong. Tidlegare spede forsøk på alpinkjøyring har vore i det vesle trekket på Grotli med atomic-plankar og lærstøvlar. No hadde tida endeleg kome for å testa utstyret på "orntleg" topptur. Storhornet er vel anbefalt som nybyrjartoppa over alle her i midt-Norge. Så vi bila i veg ganske tidleg laurdagsmorgon, sidan vi skulle på konsert (og eg skulle ha vors..) om kvelden.
Vel framme ved parkeringa var det strålande vær og vi blei gode og gira i kropp og sinn. Vi la iveg oppover med stor iver og glede. Fint føre oppover skogen og eit godt stykke oppover fjellet. Etterkvart byrja nye skistøvlar å gnaga på hælen, og gnagsår kombinert med at været slo litt om og det blei godt med vind og snødrev rundt jakkehetta senka nok moralen godt hjå underteikna. Mine to turkumpanjonger som var meir vant til topptur enn meg forsvant som to piler innover fjellet medan eg gjekk saktare og saktare og surmula nok litt for meg sjøl. Fekk etterkvart kontakt igjen med turfølget. Fekk på ein compeed på gnagsåret, og ein kvikk-lunsj i magen. Noko som hjalp på humøret, og etterkvart kom vi oss til toppen. Det var godt og kaldt på toppa, så det var kjærkoment med ei steinbu som ly for lunsjpausa.
Medan vi hadde pause letna været på litt, og ga oss flott utsikt. Spente på oss skia og kosa oss godt nedover. Uvant som eg var med nytt utstyr var nok rumpa neddi minst like mykje som eg stod på ski, men morro var det lell. Svingane satt etterkvert litt betre på fjellføret, men laussnøen ned gjennom skogen bar på nye utfordringar og nye fall. Vel nede var vi godt slitne, og "etter" bilete vitnar om litt meir sig i knea..
Åt eit kjapt måltid på Oppdal før vi bila heim. Ingen av oss var spesielt opplagt eller gira på korkje fest eller konsert, men vi fekk no etterkvert samla oss heime hjå meg. Kjika gjennom eit par nye skifilmar, før vi sette iveg mot Samfundet og konsert med Pelbo. Det er kanskje unødvendig å sei at idet siste ekstranummer tona ut var vi alle samman på tur ut døra og retning senga..
Med på tur:anforb (Andreas Forberg) og Rannveig
Benutzerkommentare