Storsylen (12.09.2015)


Start point Nedalshytta (644m)
Endpoint Nedalshytta (783m)
Duration 7h 34min
Distance 22.4km
Vertical meters 1,688m
GPS
Ascents Storsylen (1,763m) 12.09.2015
Visits of other PBEs Nedalshytta (780m) 12.09.2015
Trivelig på toppen!
Trivelig på toppen!

Det var meldt finver til helga, så eg ville på tur. Eg og Helge køyrde inn til Nedalshytta fredag kveld og overnatta i telt. Tok i veg innover mot sylmassivet i åttetida om morgonen. Mykje fint vær i vest, mindre fint i aust. Vinden dreiv frå aust.. Så skodd og gråver kom sigande med andre ord. Vi var inne ved Syltjønna etter omlag to timar. Her åt vi lunsj, og om ein av oss hadde greid å få med kaffikanna hadde vi nok kokt kaffe også, men så vart det ikke. Vi hadde kaffi og primus da... Etter ei kjapp skive tok vi til på den laaaaange bakken opp mot egga og skodda. Møtte fyrst yr, før vi møtte skodda på ca 1500 moh. Fulgte egga til riksgrensa. Med yr i lufta og blaute sva freista det ikkje stort å gå vidare mot toppen, men vi prøvde lell. Med litt tolemod og god tid kom vi oss greit bort til hovudtoppa også. Like lite utsikt her som på resten av egga, så det tok ikkje lange tida før vi snudde nasen ned igjen. Møte relativt mange på tur opp, med tanke på det stusslege veret (kanskje ein 50-70 stk), ikkje veit eg kva dei ville der oppe i skodda. Vegen ned sida tok på bådde kne og legger og beinkrafta var ikkje all verda da vi var nede igjen, og tok til på utmarsjen. Marsjen frå Syltjønna og ned til Nedalshytta gjekk meir eller mindre på autopilot. Vel nede på Nedalshytta igjen vart det verdens beste kaffi og vaffel før vi køyrde heim igjen til Trondheim. Minneverdig tur, sjøl om fjellet ikkje ville vise seg frå si beste side denne dagen. Blir defintivt retur til Sylanen ein dag med større potensiale for utsikt...
Start date 12.09.2015 08:16
(UTC+01:00 DST)
End date 12.09.2015 15:51
(UTC+01:00 DST)
Total Time 7h 34min
Moving Time 6h 12min
Stopped Time 1h 22min
Overall Average 3.0km/h
Moving Average 3.6km/h
Distance 22.4km
Vertical meters 1,688m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.