Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Skivebom på Vardeggi, Gaularfjellet

Date:
02.04.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:00h
Distance:
3.0km

Eg og brodaren Eirik hadde tenkt å ta Vardeggi på ski/rando. Vi satsa på ein rett-opp og rett-ned tur, og fekk difor 320 knallharde høgdemeter frå bilen. Men fjellet ville det annleis. Det var frisk bris når vi starta og stiv kuling då vi bestemte for å gi tapt. Storm, nærmast. Kastevindar og hylande kattungar. Nærmast Ragnarok, viss eg skal smøre godt på.

Nessadalen

Date:
05.02.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:00h
Distance:
5.5km

Turmålet måtte endrast frå «Hest» til «Breidstøldalen». Dette som følgje av ein grusom sur vind, som starta, ja nettopp i denne dalen. Med eit utgangspunkt på ca. 12 minus på gradestokken, vart det vel ei god dobling av effektiv temperatur, når vi hadde kome opp på Monstjørni. Der kunne eg trygt ha investert pengane mine i ein vindpark, for å seie det slik. Som om ikkje dette var nok viste fokksnøen seg å være særdeles ugjestmild, då vi opplevde fjernutløysing av svake lag etter kvart som vi trakka oss framover i terrenget. Då freista Hest enda mindre. Turen enda med ein kort lunsj i ein levegg og ein leiken køyring ned att til bilen. Akkurat det var stor stas! Vi sjåast nok igjen, Hest! Med då får du fan meg vise deg frå ei betre side.

Map    

Stav

Date:
31.01.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:00h
Distance:
9.6km

Endeleg ein skikkeleg topptur! Reiste med kollega Jomar heilt fram i Grindsdalen på brøyta veg. På med skia, eit lite stykke gåing i same retning og deretter nærmast rett opp mot Sauaholten som vi passerte og snudde nordover, sannsynlegvis litt seinare enn vi skulle. Men det var stort sett dårleg sikt og nesten umogleg å sjå kor det var best å gå. Deretter kryssa vi eit søkk og så var det oppover igjen, og endå meir oppover til vi endeleg var på toppen! Mange høgdemeter og framleis svært lite å sjå. Vi følgde difor spora våre heilt ned til bilen, men la sjølvsagt inn nydelege svingar undervegs (tykte vi sjølv, i alle fall). Alt i alt ein kongetur!

Map    

Mot Tylderingen under stjernene

Date:
11.01.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:26h

Med gode 10 blå på gradestokken og nydelege snøforhold fekk vi ei magisk oppleving denne kvelden. Var nesten helligbrøde å gå med lykt under denne stjernehimmelen! Så fekk eg likevel svar på tiltale, då lykta mi kubba halvvegs i nedkøyringa. Skal vel ikkje klage. Hunden til Asle kubba halvvegs oppover. Dei stakkarane vende nasa/snuten ned att derfrå.

Map    

Årets første topptur

Date:
10.01.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:00h
Distance:
7.0km

"Topptur" dagen før termin

Date:
01.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:45h
Distance:
5.0km

Jada. Etter mykje sjukdom vart det dags for ein topptur med Håvard. Ettersom terminen var dagen etter, turde eg likevel ikkje dra han altfor langt denne dagen. Det vart ein liten tur frå riksvegen og opp forbi Kollsetestølen og ned att, berre for å prøve noko nytt. Ikkje heilt å anbefale, med mindre ein er glad i slakt terreng. Og dagen etter? Jau då vart eg jammen far på ny!

Gjennom pudder på Togga!

Date:
28.02.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:15h

Topptur med kollegaer mot Togga. Eit stykke etter Orraleiken bles det opp noko kraftig, så vi dreit i toppen, og sette utanfor fjellet. Det var nok til å få ein herleg nedkøyring på austsida. Og Togga skuffa ikkje - pudder til halsen! Diverre vart opplevinga litt øydelagt for Stian, som knakk eine skia nede ved vegen. Gudane veit korleis han fekk det til.

Map    

Rando frå Vardafjell

Date:
19.01.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:00h
Distance:
4.5km

Ein kjapp tur på lånt tid med Tylderingen som mål stoppa ved Vardafjellet. Der var det slutt på god-snøen og tida. Så vart det i alle fall nokre fine svingar ned att til ei - framleis - blid og høggravid kone som venta heime med med unge og hund.

Map    

Topptur vart til nedtur

Date:
15.12.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:45h
Distance:
7.0km

Årets første topptur mot Raunekletten via Kalbakk med tidsfrist på maks 4 timar. Tullete seier du? Det har du rett i. Tanken var kanskje god. Kalbakk er sannsynlegvis den raskaste - og hardaste - vegen til Raunekletten på sommarstid. På vinterstid, derimot, er han kun den hardaste. Det var mi avgjerd forresten. So var det sagt. Dette har tross alt Eirik kravd at kjem på trykk. Uansett, vi kava oss oppover i tung snø heilt til klokka sa stopp. Då var vi i overkant av 50 høgdemeter unna Kalbakk. So nær, men likevel so fjern. So vart det litt køyring/ramling nedover i skjønn foreining med kvist og grein. Eirik gadd ikkje eingong å ta av seg fellene. Ei erfaring rikare; aldri meir topptur via Kalbakk-stien.

Map    

Vangsen, siste topptur i år

Date:
12.05.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:30h
Distance:
9.7km

Siste toppturen i år gjekk til Vangsen. Tross alt greitt å setje eit endeleg punktum for sesongen med ein skikkeleg tur. Godaste Asle måtte lufte veslemann før avreise. Vi kom oss ikkje heilt opp til dammen pga. snø i vegbana, så då vart det ein liten transportetappe opp til flata. Derfra gjekk vi over (snø)brua lenger framme og i traversar oppover fjellsida. Tempoet gjekk greitt på hard snø, noko vi særleg fekk kjenne på vegen ned igjen. Ein får fan ikkje i pose og sekk nei. Toppen i sikte! Det bles ganske friskt her oppe, så etter noko om og men bestemde vi oss for å gå på baksida av fjellet og ikkje oppover ryggen/eggen. Det gjorde vi lurt i for her var det praktisk talt vindstille. Oss nydelege karar. Køyringa tilbake til bilen kan vi ta i ein anna turrapport. Lat oss slå oss >>>

Map