Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Topptur til Sandhaugen og bading ved Raudfjordsanden

Dato:
02.08.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,7km

Den siste dagen på Beitostølen skulle inkludere to ting for familien - turen skulle ikkje vere for lang og det skulle badast! Samtidig var det litt viktig for pappaen at han kunne registrere ein ny primærtopp i "boki". Skikkeleg pose og sekk altså. Dette løyste vi ved følgje den fine, og nokså flate, stien frå Bitihorn-parkeringa og over elva Skjerva (frå Skjervebottkjernet). Der tok jentungen og kona ein rast med nydeleg utsikt mot Raudfjorden, medan karane tok turen vidare til Sandhaugen. Når dette var gjort gjekk vi ned til Raudsanden og plumpa i vatnet - til og med hunden! Jaggu kaldt, men forfriskande. Alt i alt ein velukka dag! Toppen av Sandhaugen med Bitihorn i bakgrunnen. Ei særdeles nøgd - og litt kald - jente!

Kart    

Gravolskampen med jentungen

Dato:
01.08.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,4km

Neste tur ut på Beitostølen var Gravolskampen. Dette er ein fin familietur i slakt terreng som gir god utsikt mot Vardresflya og omegn. No hadde veret letta og stien var difor godt befolka. Det var god parkering nede ved hovudvegen, og noko stigning før det meste vert flatt (men noko kupert) innover fjellet. Kona var ikkje i slaget, og måtte ta ein lengre rast medan vi andre (3- åring og hund) gjekk siste delen av stykket til toppen. Jaggu meg utsikt ja. Halvvegs (toppen) Oss tre slitarane.

Kart    

Det sagnomsuste Vassfjellet, inkl. sekundærtoppar

Dato:
23.07.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
14,9km

Etter litt for mykje stillesitjing i sommarvarmen hjå svigerforeldra i Trondheim slo eg an ei unnskuldning om at hunden måtte få seg ein dugeleg tur til det høgste byfjellet. Trondheim har ikkje alt for mykje å skryte av, men Vassfjellet peikte seg fort ut som eit dugeleg trask. Etter å ha ytra nokre saftige forbannelsar over bil-gps’en fant eg til slutt ein god parkeringsplass nokre kilometer frå Melhus sentrum. Her følgde eg først asfalt- og grusveg inn mellom bustader fram til merka sti. Stort sett lett. Nokre bekkar og elvefar her og der. Forsering av myr og gjørme hadde trønderane løyst med «plankevegar». Etterpå gjekk stien inn på ein anleggsvei som eg følgde til topps. God utsikt. Returen vart ei anna historie. Ettersom eg hadde bestemt meg for å ta nokre sekundærtoppar >>>

Kart    

Trasketur til Kalvågs «tak»

Dato:
16.07.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
8,9km

Familieutflukten til Kalvåg inkluderte sjølvsagt ein tur til den høgste fjelltoppen på staden. Skjønt «topp» var kanskje å ta litt hardt i. Stakkars pappa Arnold som plutseleg hadde fått vondt i foten måtte vere att. Synd for han. Eg og broremann gjekk opp frå sentrum, og i enden av eit byggefelt kom vi inn på ein grusveg som deretter gjekk over i sti. Derfrå var det ca ein time til toppen på fin sti i ulendt terreng. Utsikten var bra!

Kart    

Vassløysa over Helebrandseggi- eit dugeleg trask

Dato:
31.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:27t
Distanse:
11,1km

Bommen ved Dalaker var stengd slik at vi måtte ta beina fatt innover grusvegen. Når vi var komne fram til stølen Vassløysa gjekk vi om Hellebrandseggi på vegen ned att (altså ikkje den same keisame grusvegen tilbake). Akkurat her er det god stemning. Så gjekk turen vidare sørover mellom Vetle- og Storevatnet der vi skilte lag med stien. Eirik i godt driv over Hellebrandseggi. Vidare gjekk det i bein luftlinje ned mot Dalaker. Det vart litt klabb og babb nedover fjellet, og jentungen (som på det tidspunktet allereie var småfurten pga. kald vind) vart ikkje i betre humør av å få ei grein piska rett i ansiktet på veg nedover lia. Herding får ein vel kalla det..

Kart    

Frå drit til fint på Togga

Dato:
30.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,8km

Med "storfint" besøk frå Bergen var det langturen, inkl. overnatting, frå Fodnes til Årdalstangen som stod på planen. Men på grunn av skikkeleg dritver heile helga gjekk planen i vasken. Langturen vart difor nedgradert til Steindalseggi og deretter - som følgje av same grunn - til "stusselege" Togga. Vi fekk uansett ein god dose dritver her og - nesten heilt fram til toppen. Der letta alt saman og naturen viste seg frå si beste side. Så alt i alt var vi godt nøgde. Ah! Snart framme - eller nei. Godt norsk mai-ver. Endå meir Og brått - vindstille, sol og opphald!

Kart    

Børesteinen Luster

Dato:
26.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
7,2km

Børesteinen var noko vi (eller kanskje helst eg) hadde sett oss (meg) ut lengje. Vi køyrde til garden Berge, og derfrå var det ganske rett opp. Stort sett fine hårnålssvingar oppover, med ei lita klyveøkt i slutten. Det heile tok litt lenger tid enn eg hadde trudd, men jentungen på 3 var med og ho ville gå nesten heile turen sjølv, så då let det seg forsvare. Utsikta sugde

Kart    

Beinflyging til Stedjeåsen

Dato:
20.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:45t
Distanse:
4,6km
Kart    

Bjørkastølen

Dato:
01.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
7,0km

Ein fin rundtur 1. mai

Kart    

Jeiskedalen nok ein gong!

Dato:
28.04.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
5,4km

Jentungen gjekk som fan! Imponerande faktisk. Heilt til ho datt, då var det rett i meisen.

Kart