Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Familietur til Lusaskar, Leikanger

Date:
07.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
6.8km

Det starta bra, med ein pissetrengt hund som blauta ut buksa til kona i forsøket på å kome seg fortast mogleg ut av buret. Då hadde altså vi køyrd heilt opp Njøsadalen til stølen Skagasete. Bortsett frå dette gjekk det i godt driv i overkant av 3 km fram til Lusaskar. Det var litt veklsande ver med sur austavind til tider, som resulterte i av- og påkledningar til det kjedsommelege. Men på toppen var det lett å finne le. Returen inkluderte litt leie føter, litt surmuling, litt grining og eit lengre do-besøk. Takk Gud for sjokolade. Likevel ein fin familietur, der til og med minstemann fekk utfodra beina i kupert terreng.

Map    

Stedjeåsen-Hella, Dag 1

Date:
16.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
18.5km

Oppfølginga av suksessen frå i fjor (les: Fodnes-Tangen) var planlagt med tre overnattingar frå Sogndal sentrum til Hella fergekai (også i Sogndal kommune). Første dagen skulle Stedjeåsen og Hagafjellet forserast, via Øvstedalen og med overnatting ved Fjærlandssete. Andre dagen skulle vi gå opp Synnevaskjer (1544 moh), og vidare over Myrdalsbreen/Voggebreen og ned Skarholten til Grindsdalen. Deretter, på dag tre, skulle vi finne ei rute forbi Stav og (opp på) Hest, før vi svingte sør-vest ned Storholten og ned til Hella. Nokså greitt, tenkte vi. Ruta var sjølvsagt krevjande og hadde sine udefinerbare utfordringar, men slik var det med førre tur og. Einaste var kanskje breen, som kunne verte "interessant". Likevel var det ingen sure miner. Vi var rett og slett proppfulle >>>

Map    

Fottur i Fortundalen

Date:
21.01.2021
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:45h
Distance:
4.0km

Det var dags for servicen på Subaruen, og då er det berre merkeverkstaden i Fortun som tel. Eit godt stykke å køyre for ein service kanskje, men for ein service det er der! Tidlegare har eg trent på det lokale treningssenteret i mellomtida, men då dette var corona-stengd, vart eg anbefalt å ta meg ein skitur frå Turtagrø i staden. Heller ikkje dette vart nokon suksess, då dritveret Frank gjorde seg stor til fjells. Det endte med ein trasketur i Fortunsdalen. Det vart ein lett trasketur i slakt terreng. Kan vel leggje til at vel framme på haugen Skarhaug måtte eg infernalsk drite. Her var det ingen kjære mor. Men tydelegvis vegra kroppen seg når han såg den provisoriske doen eg rota saman av nokre pinnar og ein stein. Gode greier. Så slapp ein del lauvblad med skrekken og.

Fottur på Kaupanger

Date:
12.01.2021
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:27h
Distance:
3.0km

Prøvde meg først med fjellski men fant fort ut at det var for lite snø, sjølv om hunden kanskje ikkje var heilt einig i det, ref. biletet. Så då bytta eg til fjellsko med ungen i meis. Fine skogar på Kaupanger.

Trilletur til Hølsete

Date:
05.01.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.6km

Breiesete, Nordnes

Date:
09.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:06h
Distance:
6.0km

Storheia

Date:
09.08.2020
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
9.1km

Fin familietur til Trondheims «tak». Fin utsikt men alt for mange folk.

Map     2 comments

Dag 3 Fodnes-Årdalstangen

Date:
06.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.2km

Dag 3 starta tidlegare enn dag 2. Myggen som hadde plaga oss kvelden før, var erstatta med frisk bris, men heldigvis ikkje regn. Utsikta var derimot framleis fråverande. Vi fekk i oss frukost og kaffi, fylte vatn i bekken like ved og sette av stad på fin sti nordover. Vi visste likevel at vi måtte halde lenger mot aust for å unngå Årøydalen (som skjer inn som ein kniv i frå vest), så vi dreide ganske raskt oppover og over fjell-massivet mot Munkenosi. I skoddehavet vart det det eine luretoppen etter det andre, og det var så vidt eg fekk overtala Eirik til å verte med meg heilt opp. Så vart Munkenosi til slutt nådd. Ein sekundærtopp vel og merke, men ein tar det ein får. Ned att fjellet sparte vi bein ved å skli på fin-fin snø i retning Middagshaugen. Dette gav den desidert beste >>>

Map     2 comments

Dag 2, Fodnes-Årdalstangen

Date:
05.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
18.9km

Dag 2 vakna vi rimeleg seint til regn og skodde over landskapet. Dette var vi likevel førebudd på, så her var ingen sure miner. No var planen å gå til Nyastølen i Årdal, via stølen Morki og Smørhola. Ein godt vaksen tur med andre ord. Det starta i utgangspunktet nokonlunde greitt. Etter litt famling med å finne stien gjekk vi oss for langt til sør og måtte dreie nordover for å kome inn att på stien mot Morki. Det var lettare sagt enn gjort. Det var lite, og attgrodd sti store deler av vegen (med mindre vi var heilt blinde). Som følgje av tapt tid, og noså sein start (ca. 11) bestemte vi oss fort for å drite i heile Morki og heller gå i luftlinje mot Storevatnet - i retning Smørhola. Dette betydde forsering av våt mark, myr, kratt, og gud-veit-kva i ganske mange kilometer. >>>

Map     1 comment

Dag 1, Fodnes-Årdalstangen

Date:
04.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.3km

Dagen var komen for å gå ruta eg hadde tenkt på lengje - Frå Fodnes til Årdalstangen. Grunnen til dette var først og fremst å kunne gå med utsikt over fjorden og Hurrungane (sistnemnde vart det diverre lite av pga. veret). Dag 1 starta likevel fint, med nokonlunde ver frå Fodnes. Her sat vi bilen på parkeringa ved fergekaia og følgde skilt og sti oppover mot Fagerset/Vetanosi. Null problem, sjølv med 15-20 kg sekkar. Tanken var og å gå innom sekundærtoppen Lisbethaugen, men sidan vi hadde litt for godt driv på veg opp oppdaga vi snart at vi hadde passert han med godt og vel 50 høgdemeter. Så då gadd vi ikkje gå ned att - sekk eller ei. Noko krangling vart det, sjølvsagt, då vi kom til krysset der stien delte seg mot Fagerset og Vetanosi "rett opp". Eirik hadde >>>

Map     2 comments