Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Topptur til Sandhaugen og bading ved Raudfjordsanden

Date:
02.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.7km

Den siste dagen på Beitostølen skulle inkludere to ting for familien - turen skulle ikkje vere for lang og det skulle badast! Samtidig var det litt viktig for pappaen at han kunne registrere ein ny primærtopp i "boki". Skikkeleg pose og sekk altså. Dette løyste vi ved følgje den fine, og nokså flate, stien frå Bitihorn-parkeringa og over elva Skjerva (frå Skjervebottkjernet). Der tok jentungen og kona ein rast med nydeleg utsikt mot Raudfjorden, medan karane tok turen vidare til Sandhaugen. Når dette var gjort gjekk vi ned til Raudsanden og plumpa i vatnet - til og med hunden! Jaggu kaldt, men forfriskande. Alt i alt ein velukka dag! Toppen av Sandhaugen med Bitihorn i bakgrunnen. Ei særdeles nøgd - og litt kald - jente!

Map    

Gravolskampen med jentungen

Date:
01.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.4km

Neste tur ut på Beitostølen var Gravolskampen. Dette er ein fin familietur i slakt terreng som gir god utsikt mot Vardresflya og omegn. No hadde veret letta og stien var difor godt befolka. Det var god parkering nede ved hovudvegen, og noko stigning før det meste vert flatt (men noko kupert) innover fjellet. Kona var ikkje i slaget, og måtte ta ein lengre rast medan vi andre (3- åring og hund) gjekk siste delen av stykket til toppen. Jaggu meg utsikt ja. Halvvegs (toppen) Oss tre slitarane.

Map    

Nokre småtoppar i dritveret

Date:
31.07.2019
Distance:
3.6km

Så kom dritveret ja. Skal vel ikkje klage, etter alle godversdagane i forkant. Verre var det at alle regnkleda til kona var innelåst i takboksen til bilen, og der (den einaste) nøkkelen ligg ein plass kun GUD veit! Dette betydde altså at vi måtte gå til innkjøp av det mest nødvendige, slik som ei ny regnjakke til kona. Og den kosta nok - skjorta faktisk! Påkledninga vart difor litt halvegs og det same vart denne turen. Vi fekk likevel teke eit par sekundærtoppar så kan ikkje berre klage.

Map    

Familieslit til Heimre fagerdalshøe

Date:
29.07.2019
Distance:
7.6km

Ein litt småhissig, men likevel ganske kjekk tur, over Synshorn til Heimre Fagerdalshøe med 3-åringen. Jenta gjekk som ei dronning heilt opp til Synshorn og sette standarden for at denne turen jammen går an for ei/ein på hennar alder. Bortover ryggen var likevel dei små beina vortne nokså slitne, så då vart det fort opp på skuldrane. Pappaen berre MÅTTE opp på Heimre Fagerdalshøe for å krysse av toppen, og medan han gjorde det sat kona og jentungen og venta i lia nedanfor. Det gjekk kjappare enn eg hadde trudd. Med unntak av ei kryssing i bratt terreng under berget (som kona slett ikkje likte!), gjekk turen tilbake i slakt og fint terreng ned att til stien mot Synshorn. Litt drahjelp frå hunden må ein kunne unna seg (heilt til ho gjekk på trynet) Toppen er nådd! Trøtte bein med >>>

Map    

Springetur over Gråkallen+

Date:
25.07.2019
Characteristic:
Jogging

Kjapp springetur over Gråkallen og systertopp. Ikkje særleg mykje å føre i loggen, men topp er topp, og då kvalifiserer det jaggu meg som registrert tur.

Map    

Det sagnomsuste Vassfjellet, inkl. sekundærtoppar

Date:
23.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.9km

Etter litt for mykje stillesitjing i sommarvarmen hjå svigerforeldra i Trondheim slo eg an ei unnskuldning om at hunden måtte få seg ein dugeleg tur til det høgste byfjellet. Trondheim har ikkje alt for mykje å skryte av, men Vassfjellet peikte seg fort ut som eit dugeleg trask. Etter å ha ytra nokre saftige forbannelsar over bil-gps’en fant eg til slutt ein god parkeringsplass nokre kilometer frå Melhus sentrum. Her følgde eg først asfalt- og grusveg inn mellom bustader fram til merka sti. Stort sett lett. Nokre bekkar og elvefar her og der. Forsering av myr og gjørme hadde trønderane løyst med «plankevegar». Etterpå gjekk stien inn på ein anleggsvei som eg følgde til topps. God utsikt. Returen vart ei anna historie. Ettersom eg hadde bestemt meg for å ta nokre sekundærtoppar >>>

Map    

Trasketur til Kalvågs «tak»

Date:
16.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.9km

Familieutflukten til Kalvåg inkluderte sjølvsagt ein tur til den høgste fjelltoppen på staden. Skjønt «topp» var kanskje å ta litt hardt i. Stakkars pappa Arnold som plutseleg hadde fått vondt i foten måtte vere att. Synd for han. Eg og broremann gjekk opp frå sentrum, og i enden av eit byggefelt kom vi inn på ein grusveg som deretter gjekk over i sti. Derfrå var det ca ein time til toppen på fin sti i ulendt terreng. Utsikten var bra!

Map    

Terrengsykling via Hasleeggi, Sogndal

Date:
09.07.2019
Characteristic:
Bike trip - off-road
Duration:
1:30h
Distance:
15.0km

Sykkeltur i kjekt terreng med Jomar og Håvard som diverre endte med punktering på tampen.

Map    

Vassløysa over Helebrandseggi- eit dugeleg trask

Date:
31.05.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:27h
Distance:
11.1km

Bommen ved Dalaker var stengd slik at vi måtte ta beina fatt innover grusvegen. Når vi var komne fram til stølen Vassløysa gjekk vi om Hellebrandseggi på vegen ned att (altså ikkje den same keisame grusvegen tilbake). Akkurat her er det god stemning. Så gjekk turen vidare sørover mellom Vetle- og Storevatnet der vi skilte lag med stien. Eirik i godt driv over Hellebrandseggi. Vidare gjekk det i bein luftlinje ned mot Dalaker. Det vart litt klabb og babb nedover fjellet, og jentungen (som på det tidspunktet allereie var småfurten pga. kald vind) vart ikkje i betre humør av å få ei grein piska rett i ansiktet på veg nedover lia. Herding får ein vel kalla det..

Map    

Frå drit til fint på Togga

Date:
30.05.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.8km

Med "storfint" besøk frå Bergen var det langturen, inkl. overnatting, frå Fodnes til Årdalstangen som stod på planen. Men på grunn av skikkeleg dritver heile helga gjekk planen i vasken. Langturen vart difor nedgradert til Steindalseggi og deretter - som følgje av same grunn - til "stusselege" Togga. Vi fekk uansett ein god dose dritver her og - nesten heilt fram til toppen. Der letta alt saman og naturen viste seg frå si beste side. Så alt i alt var vi godt nøgde. Ah! Snart framme - eller nei. Godt norsk mai-ver. Endå meir Og brått - vindstille, sol og opphald!

Map