Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Dag 2, Fodnes-Årdalstangen

Dato:
05.08.2020
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
18,9km

Dag 2 vakna vi rimeleg seint til regn og skodde over landskapet. Dette var vi likevel førebudd på, så her var ingen sure miner. No var planen å gå til Nyastølen i Årdal, via stølen Morki og Smørhola. Ein godt vaksen tur med andre ord. Det starta i utgangspunktet nokonlunde greitt. Etter litt famling med å finne stien gjekk vi oss for langt til sør og måtte dreie nordover for å kome inn att på stien mot Morki. Det var lettare sagt enn gjort. Det var lite, og attgrodd sti store deler av vegen (med mindre vi var heilt blinde). Som følgje av tapt tid, og noså sein start (ca. 11) bestemte vi oss fort for å drite i heile Morki og heller gå i luftlinje mot Storevatnet - i retning Smørhola. Dette betydde forsering av våt mark, myr, kratt, og gud-veit-kva i ganske mange kilometer. >>>

Kart     1 kommentar

Dag 1, Fodnes-Årdalstangen

Dato:
04.08.2020
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
8,3km

Dagen var komen for å gå ruta eg hadde tenkt på lengje - Frå Fodnes til Årdalstangen. Grunnen til dette var først og fremst å kunne gå med utsikt over fjorden og Hurrungane (sistnemnde vart det diverre lite av pga. veret). Dag 1 starta likevel fint, med nokonlunde ver frå Fodnes. Her sat vi bilen på parkeringa ved fergekaia og følgde skilt og sti oppover mot Fagerset/Vetanosi. Null problem, sjølv med 15-20 kg sekkar. Tanken var og å gå innom sekundærtoppen Lisbethaugen, men sidan vi hadde litt for godt driv på veg opp oppdaga vi snart at vi hadde passert han med godt og vel 50 høgdemeter. Så då gadd vi ikkje gå ned att - sekk eller ei. Noko krangling vart det, sjølvsagt, då vi kom til krysset der stien delte seg mot Fagerset og Vetanosi "rett opp". Eirik hadde >>>

Topptur og fisking i Gjende

Dato:
31.07.2020
Distanse:
7,6km

Tradisjonen tru måtte minsten få sin første topptur på Gjendehø. Toppen skuffa heller ikkje denne gongen, og kombinert med nydeleg ver samt at onkel og jentungen i tillegg fekk fisk i Gjende, vart dette ein særdeles triveleg dag.

Kart    

Valdresflya

Dato:
30.07.2020
Distanse:
5,9km

Trasketur på Valdresflya. Gjekk etter klokka då vi skulle hente broremann på Ryfoss 14.45. Ikkje bra.

Kart    

Lykkjenuten

Dato:
29.07.2020

Bitteliten tur med bitteliten kar (5 mnd). Kona stod opp halv eitt og vi var ikkje ute av bilen før halv tre, så då vert det slik.

Kart    

Rundebranden

Dato:
25.07.2020
Kart    

Ospesete, Kaupanger. Fin trasketur.

Dato:
01.06.2020
Distanse:
7,4km

Kart    

Lauvhaugane, Leikanger

Dato:
30.05.2020
Kart    

Jaga av tiuren på Kaupanger

Dato:
23.05.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
9,0km

Ein fin vår-runde på Kaupanger med pannekakesteiking i sola. På veg ned att rant vi på ein illsint tiur som sperra vegen. Det var ikkje snakk om at han ville flytte seg, sjølv etter rop og hyling og vifting med stokkar og ukvemsord. Vi gjekk av vegen og gjekk på oversida, men då han kom flaksande etter oss som gal når vi var komne ned att på vegen lenger framme. Jentungen vart livredd "høna" (som ho kalde han), så vi tok beina fatt og kom sjølvsagt på avvege i alt tumulta. Så vart turen litt lenger enn planlagt.

Hauståkernakken med Håvard og co.

Dato:
10.05.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:15t
Distanse:
6,0km

Fin liten trasketur til ein utsiktsstad på Kaupanger det er umogleg å hugse namnet på. Men jammen fant eg det i boka. Strålande utsikt til bleia.

Kart