Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Lingesete

Dato:
15.03.2021
Distanse:
8,1km
Kart    

Grøndalseggi

Dato:
05.03.2021

Grøndalseggi med broremann i noko varierande turver. Likevel mykje kjekk nedkøyring ned til "betongdekket" på ca. 800 moh.

Kart    

Nessadalen

Dato:
05.02.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:00t
Distanse:
5,5km

Turmålet måtte endrast frå «Hest» til «Breidstøldalen». Dette som følgje av ein grusom sur vind, som starta, ja nettopp i denne dalen. Med eit utgangspunkt på ca. 12 minus på gradestokken, vart det vel ei god dobling av effektiv temperatur, når vi hadde kome opp på Monstjørni. Der kunne eg trygt ha investert pengane mine i ein vindpark, for å seie det slik. Som om ikkje dette var nok viste fokksnøen seg å være særdeles ugjestmild, då vi opplevde fjernutløysing av svake lag etter kvart som vi trakka oss framover i terrenget. Då freista Hest enda mindre. Turen enda med ein kort lunsj i ein levegg og ein leiken køyring ned att til bilen. Akkurat det var stor stas! Vi sjåast nok igjen, Hest! Med då får du fan meg vise deg frå ei betre side.

Kart    

Stav

Dato:
31.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t
Distanse:
9,6km

Endeleg ein skikkeleg topptur! Reiste med kollega Jomar heilt fram i Grindsdalen på brøyta veg. På med skia, eit lite stykke gåing i same retning og deretter nærmast rett opp mot Sauaholten som vi passerte og snudde nordover, sannsynlegvis litt seinare enn vi skulle. Men det var stort sett dårleg sikt og nesten umogleg å sjå kor det var best å gå. Deretter kryssa vi eit søkk og så var det oppover igjen, og endå meir oppover til vi endeleg var på toppen! Mange høgdemeter og framleis svært lite å sjå. Vi følgde difor spora våre heilt ned til bilen, men la sjølvsagt inn nydelege svingar undervegs (tykte vi sjølv, i alle fall). Alt i alt ein kongetur!

Kart    

Høgehaug

Dato:
25.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
9,4km

Ein nydeleg tur til Høgehaug frå Rindabotnen. Skyene låg som eit hav under oss frå toppen med perfekt utsikt til Hurrungane i det fjerne.

Kart    

Fottur i Fortundalen

Dato:
21.01.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:45t
Distanse:
4,0km

Det var dags for servicen på Subaruen, og då er det berre merkeverkstaden i Fortun som tel. Eit godt stykke å køyre for ein service kanskje, men for ein service det er der! Tidlegare har eg trent på det lokale treningssenteret i mellomtida, men då dette var corona-stengd, vart eg anbefalt å ta meg ein skitur frå Turtagrø i staden. Heller ikkje dette vart nokon suksess, då dritveret Frank gjorde seg stor til fjells. Det endte med ein trasketur i Fortunsdalen. Det vart ein lett trasketur i slakt terreng. Kan vel leggje til at vel framme på haugen Skarhaug måtte eg infernalsk drite. Her var det ingen kjære mor. Men tydelegvis vegra kroppen seg når han såg den provisoriske doen eg rota saman av nokre pinnar og ein stein. Gode greier. Så slapp ein del lauvblad med skrekken og.

Pulketur til Kleppa, Leikanger

Dato:
20.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
6,2km

Tur med hund, pulk, son og kollega med sin son, i langrennsløypa på Kleppa. Hyggeleg!

Kart    

Pulk frå Flyplassen

Dato:
19.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
7,3km

Pulk i Saurdalen

Dato:
15.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,0km

Ein flott, men kald, familietur i Saurdalen, Balestrand. Alt fint, kanskje bortsett frå at mor mi sølte ut kaffien sin i sekken og var søkkvåt «heilt inn på trusa», som ho sa. Godt vi hadde anna å drikke på..

Lingesete, Sogndal

Dato:
14.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
8,3km

Pulketur til Lingesete. Kaldt som f, men sola gjorde underverk.