Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (1)
- Ekspedisjon (1)
- Fottur (87)
-
Skitur (49)
- Fjellskitur (12)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (2)
- Terrengsykling (4)
Det sagnomsuste Vassfjellet, inkl. sekundærtoppar
- Dato:
- 23.07.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 14,9km
Etter litt for mykje stillesitjing i sommarvarmen hjå svigerforeldra i Trondheim slo eg an ei unnskuldning om at hunden måtte få seg ein dugeleg tur til det høgste byfjellet. Trondheim har ikkje alt for mykje å skryte av, men Vassfjellet peikte seg fort ut som eit dugeleg trask.
Etter å ha ytra nokre saftige forbannelsar over bil-gps’en fant eg til slutt ein god parkeringsplass nokre kilometer frå Melhus sentrum. Her følgde eg først asfalt- og grusveg inn mellom bustader fram til merka sti. Stort sett lett.
Nokre bekkar og elvefar her og der.
Forsering av myr og gjørme hadde trønderane løyst med «plankevegar».
Etterpå gjekk stien inn på ein anleggsvei som eg følgde til topps. God utsikt.
Returen vart ei anna historie. Ettersom eg hadde bestemt meg for å ta nokre sekundærtoppar >>>
Trasketur til Kalvågs «tak»
- Dato:
- 16.07.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 8,9km
Familieutflukten til Kalvåg inkluderte sjølvsagt ein tur til den høgste fjelltoppen på staden. Skjønt «topp» var kanskje å ta litt hardt i. Stakkars pappa Arnold som plutseleg hadde fått vondt i foten måtte vere att. Synd for han.
Eg og broremann gjekk opp frå sentrum, og i enden av eit byggefelt kom vi inn på ein grusveg som deretter gjekk over i sti. Derfrå var det ca ein time til toppen på fin sti i ulendt terreng. Utsikten var bra!
Terrengsykling via Hasleeggi, Sogndal
- Dato:
- 09.07.2019
- Turtype:
- Terrengsykling
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 15,0km
Sykkeltur i kjekt terreng med Jomar og Håvard som diverre endte med punktering på tampen.
Vassløysa over Helebrandseggi- eit dugeleg trask
- Dato:
- 31.05.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:27t
- Distanse:
- 11,1km
Bommen ved Dalaker var stengd slik at vi måtte ta beina fatt innover grusvegen. Når vi var komne fram til stølen Vassløysa gjekk vi om Hellebrandseggi på vegen ned att (altså ikkje den same keisame grusvegen tilbake).
Akkurat her er det god stemning.
Så gjekk turen vidare sørover mellom Vetle- og Storevatnet der vi skilte lag med stien.
Eirik i godt driv over Hellebrandseggi.
Vidare gjekk det i bein luftlinje ned mot Dalaker. Det vart litt klabb og babb nedover fjellet, og jentungen (som på det tidspunktet allereie var småfurten pga. kald vind) vart ikkje i betre humør av å få ei grein piska rett i ansiktet på veg nedover lia. Herding får ein vel kalla det..
Frå drit til fint på Togga
- Dato:
- 30.05.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 4,8km
Med "storfint" besøk frå Bergen var det langturen, inkl. overnatting, frå Fodnes til Årdalstangen som stod på planen. Men på grunn av skikkeleg dritver heile helga gjekk planen i vasken. Langturen vart difor nedgradert til Steindalseggi og deretter - som følgje av same grunn - til "stusselege" Togga. Vi fekk uansett ein god dose dritver her og - nesten heilt fram til toppen. Der letta alt saman og naturen viste seg frå si beste side. Så alt i alt var vi godt nøgde.
Ah! Snart framme - eller nei.
Godt norsk mai-ver.
Endå meir
Og brått - vindstille, sol og opphald!
Børesteinen Luster
- Dato:
- 26.05.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:00t
- Distanse:
- 7,2km
Børesteinen var noko vi (eller kanskje helst eg) hadde sett oss (meg) ut lengje. Vi køyrde til garden Berge, og derfrå var det ganske rett opp. Stort sett fine hårnålssvingar oppover, med ei lita klyveøkt i slutten. Det heile tok litt lenger tid enn eg hadde trudd, men jentungen på 3 var med og ho ville gå nesten heile turen sjølv, så då let det seg forsvare.
Utsikta sugde
Vangsen, siste topptur i år
- Dato:
- 12.05.2019
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 3:30t
- Distanse:
- 9,7km
Siste toppturen i år gjekk til Vangsen. Tross alt greitt å setje eit endeleg punktum for sesongen med ein skikkeleg tur.
Godaste Asle måtte lufte veslemann før avreise.
Vi kom oss ikkje heilt opp til dammen pga. snø i vegbana, så då vart det ein liten transportetappe opp til flata. Derfra gjekk vi over (snø)brua lenger framme og i traversar oppover fjellsida. Tempoet gjekk greitt på hard snø, noko vi særleg fekk kjenne på vegen ned igjen. Ein får fan ikkje i pose og sekk nei.
Toppen i sikte!
Det bles ganske friskt her oppe, så etter noko om og men bestemde vi oss for å gå på baksida av fjellet og ikkje oppover ryggen/eggen. Det gjorde vi lurt i for her var det praktisk talt vindstille.
Oss nydelege karar.
Køyringa tilbake til bilen kan vi ta i ein anna turrapport. Lat oss slå oss >>>
Amlaholten på sykkel
- Dato:
- 08.05.2019
- Turtype:
- Terrengsykling
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 7,0km
Jada. Amlaholten for n’te gong. Men denne gongen på sykkel, så då må det vere lov å skrive ei setning i boki.
Bjørkastølen
- Dato:
- 01.05.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 7,0km