Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Ein tur på godt og vondt

Date:
18.11.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
11.0km

Planen var ein rusletur på ein grusveg til Bjørkestølen. Men jammen vart det til ein rundtur over Storehogen og ned til stølen og tilbake. Motet var høgt oppe (særleg hjå kona) i starten, men når vinden dro seg til og turen vart lenger og lenger, då falt humøret som ein stein i Sognefjorden. Verre vart det når jentungen starte å fryse - då vart det uling som stod i stil med vinden. Vi pakka ho inn i alt som var og la på sprang mot nærmaste le. Det positive med turen skal likevel ikkje underdrivast. Vi fekk ein ganske utruleg solnedgong ned fjellet til Bjørkestølen, og der tende vi opp bål og grilla pølser. Pølser vi knapt såg. Det hadde vorte i seinaste laget og - i mangel av lykt - måtte vi difor famle oss tilbake til bilen i lyset frå kona si mobil-lommelykt med 1 % >>>

Map    

Rask tur til trafoen

Date:
11.11.2018
Characteristic:
Hike

Tittelen seier alt. Rask tur til trafoen. Er det meir å fortelje? Nei!

Map    

Nok ein tur til Amlaholten

Date:
04.11.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:30h
Distance:
5.0km

Usle 247 høgdemeter. Og her har eg vore mang ein gong før, sist helg faktisk. Er dette berre eit desperat forsøk på å slå rekorden på antal turar i fjor, kan nokon spørje. Tja. Men kven er det som spør eigentleg? Er det verkeleg nokon som les denne turbloggen - ja kanskje bortsett frå Vegard, ein kollega med litt for mykje fritid. Svaret er enkelt. Ingen bryr seg om eg prikkar inn 10, 20 eller 30 turar til Amlaholten. Han er uansett fin. Og eg får med familien. Det får vere grunn nok. At eg i tillegg nærmar meg den personlege rekorden er kun eit pluss i boka. Et svært stort pluss sjølvsagt.

Map