Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Kjapp tur til Amlaholten med hund

Date:
27.10.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:00h
Distance:
5.5km
Map    

Ein kjapp tur til Finnsåsen, Årdalstangen

Date:
13.10.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:30h
Distance:
7.0km

Ein lett do-tur med hunden vart til ein fjelltur til Finnsåsen. Det er tross alt ikkje alt for mykje å finne på hjå mormora på tangen. Eg følgde stien frå Tippen i bratt, sideskrått terreng langs åsen. Noko sleipt og glatt enkelte stadar, så lette joggesko utan demping var ikkje det beste valet (men dei var jo i utgangspunkmtet meint til ein heilt anna tur). Opp kom vi likevel, og vart belønna med fin utsikt ut over fjorden frå toppen! Returen tilbake til mormora vart spedd på med litt vandring i Årdalsgatene.

Map    

Ein våt tur til Tylderingen

Date:
11.10.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
10.0km

For ein gong skuld ein klarversdag mellom regnbygene. Då tok eg like så godt halve dagen fri, henta hunden og sette avgarde mot Tylderingen. Eg har det med å tenkje at dette er ein kort og lett tur, men tek feil kvar gong. Han er bratt og hard fram til setra Kleiv, og når du til slutt kjem opp på platået og føler at det er like før ein er framme, ja så er det ein fordømt lang avmarsj bort til toppvarden. Bles gjorde det og, og bakken var våt som ei vaskefille. Sjølvsagt. Det hadde tross alt regna i vekesvis. Men kven tenkjer vel på det, når sola varmar? Dei nye salomon mudstone-skoa, som etter namnet å bedøme burde tole ein middels vårflaum, gjorde likevel ikkje det. Tvert imot. Møkka-skoa lakk i staden som ei dårleg sil i springflo. Men eg burde vel forstå at ein ikkje får >>>

Map    

Ein liten sundagstur mellom hausttrea i Sogndalsdalen

Date:
07.10.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Distance:
3.0km

Overskrifta seier det meste. Ingen topp kan kryssast av i boka, og ingen prestasjonar å snakke om. Når det er snø på toppane, og når lettvektarar (kona og jentungen) skal vere med, ja så er det greitt å halde seg i låglandet. Uansett så må det vel telje med at ein kjem ut med familien i skog og mark, vekk frå kjas og mas. Litt kanskje. Bittelitt.

Laurdagstur til Kaupangerholten

Date:
06.10.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Distance:
3.0km
Map